Kommunedirektør Trygve Apeland

Kommunedirektøren er øvste leiar for den samla kommunale administrasjonen, med dei unntaka som følger av lov og rammer fastsett av kommunestyret.

 
Kommunedirektøren skal sjå til at dei sakene som vert lagde fram for folkevalde organ, er forsvarleg utgreidde og at vedtak vert sette i verk.Klikk for stort bilete Ingeborg Skrudland   

Kommunedirektøren har møte- og talerett, personleg eller ved ein av sine underordna, i alle kommunale organ med unntak av kontrollutvalet. Den underordna møter i eigenskap av kommunedirektør.

Kommunestyret delegerer myndet til kommunedirektøren å treffa vedtak i enkeltsaker eller typar av saker som ikkje er av prinsipiell karakter.

E-post, brevpost og anna skriftleg korrespondanse vert behandla i samsvar med Lov om offentlighet i forvaltningen. 

Kommunedirektøren sine oppgåver og mynde er fastsett i kommunelova § 23.

 

Kontaktinfo

Trygve Apeland
Kommunedirektør
E-post
Telefon 51 77 60 02
Mobil 908 70 079