Næring

I Time kommune er det eit mangfaldig og variert næringsliv med over 1600 bedrifter. Kommunen er også ein stor landbrukskommune, med bønder som investerer og satsar på framtida. Med utgangspunkt i landbruket er det utvikla industri med høg kompetanse på fleire felt.

Flest sysselsette finn me innan industrinæringa og verksemder som driv med varehandel, hotell og restaurant.

Med Bryne som bysentrum på Jæren har me stort fokus på servicenæringar og kulturbaserte næringar. Jærsk pågangsmot og arbeidsvilje saman med evna til å sjå framover, har lagt grunnlaget for næringsutviklinga i Time. Etablering av konseptet "Matfatet Jæren" og nasjonalt Garborgsenter er gode eksempel på korleis me ønskjer å bidra til ei spennande utvikling av Jæren.

 

Ein regional samarbeidspartnar

Kommunane i Stavanger-regionen har lange og veletablerte samarbeidstradisjonar. Dette gjer Time til ein naturleg del av ein samordna og livskraftig næringsregion. Regionalt har me ein felles bu og arbeidsmarknad som vert utvikla og ivaretatt gjennom regionale planar innan mange felt.

Næringsarbeid i Time kommune

Kommunen ønsker å vera ein positiv bidragsytar til auka sysselsetting og busetting.

Ta kontakt dersom du:

  • Har problemstillingar du har støtt på i forhold til kommunen, som du ønsker å drøfta
  • Ikkje veit kven du skal kontakta når det gjeld bedrifts-, eigedoms- og næringsutvikling
  • Har nyttige innspel og tips om næringsutviklinga i Time og regionen.
     

    Her kan du lesa om Time kommune sin  

  •  Regionale analyse  
  •  Næringsstrategi (PDF, 549 kB) (PDF, 6 MB)

 

Kontaktinfo

Reidar Hebnes
Næringssjef
E-post
Telefon 51 77 63 32
Mobil 975 87 654
Innbyggarservice
E-post
Telefon 51 77 60 00