Frivilligheit

Time kommune legg til rette for og hjelper til med koordinering av det frivillige arbeidet i kommunen. Kommunen tilbyr gratis lokale, har oversikt over tilskotsordningar, rettleiar organisasjonar og frivillige og driv Time frivilligsentral.

Frivilligheit

Time frivilligsentral

Time frivilligsentral er ein møteplass og arena for frivillig arbeid, saman får me til meir enn kvar for oss.

Frivilligsentralen har fast lokale i Timehallen og vert drifta av Time kommune.

Bli frivillig

Sjå etter oppdrag på frivillig.no du kan engasjera deg i.

Du kan også kontakta frivilligsentralen eller lag og organisasjonar direkte.

Lag og organisasjonar

Mange av organisasjonane i Time har registrert seg i vårt register over lag og organisasjonar.

Sjå også Frivillighetsregisteret i Brønnøysund for oversikt over organisasjonar som registrert seg der.

Lokale

Lag og organisasjonar får låna lokale av kommunen gratis eller til rabattert pris. Sjå vår oversikt over utleigelokale og idrettsanlegg.

Tilskotsordningar

Her er oversikt over våre tilskotsordningar.

Time kommune abonnerer på tenesta Tilskuddsportalen. Lag og organisasjonar som er registrert i Time kommune kan nytta portalen gratis. Portalen innheld oversikt over 1500 tilskot og er eit verktøy for å finna tilskot og støtte til gode prosjekt og samarbeid. 

Kontaktinfo

Stian Langeland
Fritidssjef
E-post
Telefon 51 77 61 64
Mobil 908 23 450
Ingve Lende
Kultur- og fritidsrådgjevar
E-post
Telefon 51 77 61 65