Slik vert tenestene tildelte
Etter me har fått ein søknad om teneste, tek me kontakt med deg som søkar. Me kartlegg situasjonen din og avgjer om du har rett til å få tenesta. Du mottek eit brev, vedtak, som seier om du får innvilga tenesta.
Tenestene vert tildelt på lågast mogleg nivå slik omsorgstrappa (DOCX, 60 kB) viser. Det lågaste trinnet i omsorgstrappa er tildeling av praktiske hjelpemidlar for å kunna klara seg heime. På nettsida hva.kanhjelpe.no kan du finne råd, tips og erfaringar for å hjelpe deg med å finne løysningar som passar for deg.
Tenestene er heimla i Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m.
Teneste- og samordningskontoret er kontaktpunkt for pakkeforløp heim. For meir informasjon sjå her.
Samhandling skal sikra gode og likeverdige helsetenester til alle som treng det. For meir informasjon på nettsida til Helse Stavanger (Stavanger Universitetssjukehus)
Søk omsorgstenester
Søk helse- og omsorgtenester her
Dette kostar tenestene
Nokre tenester er gratis, mens andre tenester har eigenbetaling.
Prisar for omsorg
Klage på vedtak
Hvis du ikkje er einig i vedtaket som du har fått kan du klaga innan fire veker etter at du mottok brevet.