Parkeringsløyve for personar med nedsatt funksjonsevne

For å få parkeringsløyve må du ha både vesentleg nedsett forflyttingsevne og eit særleg behov for parkeringslette på ein eller fleire konkrete stader.

Dette må du ha med i søknaden din

  • Du må visa at du har eit særleg behov for parkeringslette og forklara kvifor du ikkje kan bruka dei ordinære p-plassane
  • Fyll nøye ut kva stader du opplever som vanskelege å bruka ordinære p-plassar, og kor ofte du bruker dei
  • Legg ved passfoto av deg sjølv
  • Legg ved kopi av begge sider av førarkort, viss du søker som førar av bil
  • Legg ved legeerklæring, der legen skildrar forflyttingsevna di og eventuelle hjelpemiddel du bruker

Søke som passasjer

Me kan gi parkeringsløyve når passasjeren ikkje kan vera åleine medan bilføraren flyttar bilen. Forflyttingshemma som ikkje køyrer sjølv, skal som hovudregel køyrast til inngangspartiet og følgjast inn. Det er ikkje nødvendig med parkeringsløyve for å gjera dette.

Kor skal eg senda søknaden?

Søknaden kan du senda til Time kommune, postboks 38, 4349 Bryne. Saksbehandlingstida er tre veker frå fullstendig søknad er mottatt.

Korleis kan eg bruka parkeringskortet?

Når kortet er plassert med framsida godt synleg bak frontruta, kan du:

  • parkera på plassar reservert for forflyttingshemma. Dette gjeld alle offentlege parkeringsplassar som er merka med handikap-symbol eller skilt. Slike stadar kan du også parkera utan å betala avgift og utover maksimal parkeringstid (dette siste gjeld ikkje når det for forflyttingshemma er fastsett avgrensa parkeringstid)
  • parkera på handikap-plassar på parkeringsplassar drifta av private parkeringsselskap. På desse plassane må du som regel betala avgift
  • parkera på stadar med bustadsoneparkering
  • passera bomring utan å betala avgift. (Dette må du først søkja om hos Nord-Jæren bompengeselskap, eller det selskapet du har autopass-avtale med). I frittståande bomstasjonar må du derimot betala avgift

Parkeringskortet gjeld i heile Norge. Det gjeld òg i heile Europa elles, men då etter reglane i dei enkelte landa. Løyvet blir vanlegvis gitt for mellom to og fem år.

Kva kan eg gjera viss eg får avslag?

Om du ikkje er nøgd med vedtaket du har fått, har du rett til å klaga. Fristen er tre veker frå du mottok vedtaket. Klagen må vera skriftleg.

Klagen vert behandla av formannskapet.