Behandling av korona med tablettar
- Viss du har høg risiko for å bli alvorleg sjuk av korona, kan det vera aktuelt at du får behandling med tablettar. Tablettane, som heiter Paxlovid, reduserer risikoen for å bli alvorleg sjuk.
- Det er viktig at behandlinga med tablettar startar tidleg. Viss du har høg risiko for å bli alvorleg sjuk og får luftveissymptom, bør du testa deg for korona.
Kven vil ha nytte av tablettar?
Det er særleg tre grupper som vil ha nytte av behandling med Paxlovid-tablettar:
- Dei som har alvorleg immunsvikt.
- Dei som er over 65 år, ikkje har fått vaksine dei siste seks månadene og har ein alvorleg sjukdom.
- Alle som er over 80 år.
Kven har høg risiko for å bli alvorleg sjuk?
Du har høg risiko for å bli alvorleg sjuk av korona viss:
- Du har alvorleg immunsvikt. Til dømes fordi du har beinmargskreft eller lymfekreft og får medisinar som slår ut immunforsvaret.
- Du er over 65 år, du har ikkje fått vaksne dei siste seks månadene, og du har ein alvorleg kronisk sjukdom.
- Du er over 80 år.
- Du er over 50 år og har aldri har tatt koronavaksine.
Meir informasjon om kven som har høg risiko og kva du skal gjera viss du blir sjuk finn du på helsenorge.no
Behandling med tablettar erstattar ikkje vaksine. Det beste du kan gjera for å ikkje bli alvorleg sjuk av korona er å ta koronavaksine.