Spørsmål og svar

Her finn du spørsmål og svar om koronavaksinen.

Eg klarer ikkje/får ikkje bestilla time på nett.

Ta kontakt med apoteka per telefon. 

Apotek 1 på Kverneland tlf. 51 42 43 00.

Apotek 1 Viben på Bryne tlf. 51 77 07 77.

Gjeld det bestilling av vaksinasjon av barn i aldersgruppa 5-11 år, kontakt Bryne helsestasjon på tlf. 51 77 62 36 (telefontid: 08:00-13:00)

Kan eg få vaksinen dersom eg er sjuk på vaksinasjonsdagen?

Du skal ikkje møta til vaksinasjon dersom du på vaksinasjonsdagen:

  • har forkjølelsessymptom, feber over 38 °C eller andre teikn på infeksjonssjukdom
  • er i karantene eller ventar svar på koronatest
  • har blitt vaksinert med annan vaksine i løpet av siste 7 dagar
  • det har gått mindre enn 3 veker sidan du var ferdig med isoleringsperioden etter koronasjukdom (SARS-CoV-2)
  • er gravid utan å tilhøyra risikogruppe for alvorlig koronasjukdom.

 

Dersom du ikkje kan møta til vaksinasjon, kontakt apoteket du har bestilt vaksinasjon hjå og be om ny tid.

Apotek 1 på Kverneland tlf. 51 42 43 00.

Apotek 1 Viben på Bryne tlf. 51 77 07 77.

Gjeld det endring av bestilling av vaksinasjon av barn i aldersgruppa 5-11 år, kontakt Bryne helsestasjon på tlf. 903 60 795 (telefontid måndag, tysdag og torsdag kl. 10:00-14:00)

Kor føregår vaksineringa?

I Time kommune kan du vaksinera deg desse stadene:

Vaksne og barn fra 12 år og oppover:

Apotek 1 på Kverneland

Adresse: Leirfenvegen 1, 4355 Kvernaland

 Trykk her for timebestilling på nett eller ring tlf. 51 42 43 00.

Drop in-tilbod: Måndager kl. 09:00-15:00  (krev ikkje bestilling på førehand) 

 
Apotek 1 Viben på Bryne

Adresse:  Arne Garborgs veg 15/17, 4340 Bryne

Trykk her for timebestilling på nett eller ring tlf. 51 77 07 77.

Drop in-tilbod: Onsdag og torsdager kl. 09.00-14.30 (krev ikkje bestilling på førehand)   

 

Barn frå 5 til 11 år 

Vaksinering av denne aldersgruppa skjer på Bryne helsestasjon. 

For timebestilling ring tlf. 51 77 62 36 (telefontid 08:00-13:00) 

Bryne helsestasjon held til i første etasje i Hulda Garborgsveg 8, 4344 Bryne 

 

Må eg betala noko for vaksineringa?

Nei. Vaksineringa er gratis.

Må eg i karantene etter vaksinering og er eg smittsom?

Nei.

Kor mange vaksinedosar kan eg ta?
Korleis fungerer koronavaksinen? Kvifor bør eg ta vaksinen?
  • Vaksinen får kroppen din til å laga antistoff mot koronaviruset. Då vil kroppen din seinare kjenna att viruset. Immunforsvaret vil då sikra at du ikkje vert sjuk om du vert utsett for smitte.
  • Sannsynlegvis vil vaksinen òg gjera at du ikkje lenger på nokon måte kan bringa smitte vidare. Når mange nok samtidig tek vaksinen, håper me at befolkninga saman skaper det me kallar flokkimmunitet. Då håper me at me kan venda tilbake til ein normalisert kvardag.
  • Korona er ein sjukdom som rammar menneske ulikt, ein kan ikkje alltid vita kven som vert alvorleg sjuk. Eldre og personar med kroniske sjukdommar har størst risiko for alvorleg forløp. Enkelte gonger ser me at både yngre og eldre kan ha seinverknader av sjukdommen.
Korleis kan eg vita at vaksinen er trygg?
  • Dei ulike koronavaksinane går gjennom eit omfattande testopplegg før dei vert godkjende. Fleire titusen personar deltar i testinga.
  • Sjølv om vaksinane har kome raskare ut i marknaden enn det som er vanleg, er det dei same reglane for godkjenning som gjeld. Det blir kontinuerleg samla endå meir informasjon i heile verda om vaksinen etter kvart som den vert tatt i bruk.
  • Om du vil ha meir innsikt i vaksinearbeid, kan du følga Vaksinebloggen.
  • Denne filmen frå Legemiddelverket fortel meir om test og godkjenning:

 

Har vaksinen biverknader?

Kontaktinfo

Sikker digital innsending til oss

Logg inn med IDporten, og send direkte til oss.