Grunnvaksinasjon
- To dosar til alle over 5 år (anbefalt for alle over 18 år). Viktig informasjon om vaksine til dei mellom 5-15 år her
- Tre dosar til alle over 5 år med alvorleg svekka immunforsvar
- Det må gå minst 21 dagar mellom første og andre dose ved Pfizer vaksine, og minst 28 dager ved Moderna. Ved kombinasjon av Pfizer og Moderna må det også gå minst 28 dagar. For personar under 18 år bør det gå mellom 8-12 veker mellom dose ein og to. For personar med alvorleg svekka immunforsvar må det gå minst fire veker mellom dose to og tre.
Oppfriskningsdose sommaren/hausten 2022
Har du hatt covid-19?
Dersom du har hatt covid-19, får du best effekt av vaksinen dersom du ventar 3-4 månader etter infeksjonen før du vaksinerer deg, men du kan ta den allerede 3 veker etter infeksjonen.
Infeksjonen erstattar likevel ikkje oppfriskingsdose i koronasertifikatet. Gjennomgått covid-19 gir gyldig koronasertifikat i 180 dagar etter prøvedatoen. For å få gyldig koronasertifikat etter det må ein ta ein oppfriskingsdose. Du finn meir utfyllande informasjon om dette her.
I koronasertifikatet ditt kan sjå kor tid du tok siste dose.
Vaksinetype
Per nå vaksinerer me med Pfizer-vaksine.