Middag levert heimeDette er ei teneste til menneske som bur heime og på grunn av nedsett funksjonsevne treng å få middagen ferdig levert.Slik er tenestaOrdninga går ut på å levere middag på døra to gonger i veka – tysdag og fredag. Talet porsjonar er valfritt, og du kan velja frå ein meny. Middagen vert levert i ferdige porsjonar, men må varmast opp. Det vert derfor tilrådd å ha tilgang til mikrobølgjeomn.Middagen må oppbevarast i kjøleskap i 0-4 grader og behandlast som ferskvarer. Måltidet skal varmast opp i 3-4 minutt rett før bruk.Tenesta vert tildelt etter kommunen sine retningsliner og dei vilkåra som gjeld for denne tenesta.Forhold som det vert lagt vekt på er om søkjaren sjølv, eller ved hjelp av pårørande, er i stand til: å handla middagsmat å tilbereda denne på ein tilfredsstillande måte å setja saman eit sunt og variert kosthald Søk matombringing her Det er eigenbetaling for denne tenesta. Prisar for omsorg Sist endra20.11.2020 10.24