Kvardagsrehabilitering og helsefremmande heimebesøk

Kvardagsrehabilitering er ei førebyggjande og rehabiliterande teneste for deg som bur heime. Du må vera motivert for rettleiing og trening slik at du i større grad kan klare deg sjølv i kvardagen.

Kvardagsrehabilitering er tverrfagleg

Me startar med å spørja: «Kva er viktig for deg?» For mange vil dette vera å stella seg sjølv, laga mat, gå i butikken, leike med barnebarn eller gå på kafé.
Kvardagsrehabilitering arbeider tverrfagleg med ergoterapeut, fysioterapeut, sjukepleiar og ressurspersonar frå heimesjukepleia. Dei kjem heim til deg i ei tidsavgrensa periode for trena, gje råd og støtta deg i å nå dei måla du har sett deg. 

Kvardagsrehabiitering har og  tilbod om helsefremmande heimebesøk. Det er eit tilbod til deg over 70 år som bur heime og som ønsker informasjon om kva du kan gjera for å bevare funksjonsevne og helse lengst mogleg. Du kan ta kontakt og laga ein avtale på telefonnummer 476 78 198. 
Her kan du kan lese meir om Helseframmande heimebesøk (PDF, 918 kB) 

 Søk kvardagsrehabilitering her

 

Det er ingen eigenbetaling for kvardagsrehabilitering.

 

Helsefremmande  heimebesøk

Helsefremmande heimebesøk er eit tilbod til deg over 70 år som bur heime og som ønsker informasjon om kva du kan gjera for å bevara funksjonsevne og helse lengst mogleg.

Me ønsker å gje deg personleg rettleiing til enkle tiltak som du kan gjera for å ha ein god og meiningsfull kvardag.

Fokuset er kva som er viktig for deg og korleis du kan bruka ressursane dine for å klara daglege utfordringar. Du veit kva som er viktig for deg og legg føringar for kva du vil legga vekt på i samtalen.

Aktuelle tema kan vera

  • kvardagen din
  • kosthald og mosjon
  • sosialt samvær
  • helse
  • tryggleik og sikkerheit i heimen
  • fallførebygging
  • frivillig arbeid
  • tilbod og aktivitetar i kommunen

Korleis får du tilbod om heimebesøk?

Du kan ta kontakt og laga ein avtale. Telefonnummeret er 476 78 198 og epost: helsefremmande.heimebesok@time.kommune.no

Kvalifisert helsepersonell gjennomfører samtalen og dei har teieplikt. Pårørande kan vera tilstades om du ønsker det. Har du behov for tolk, kan me ordna det.

Me kjem gjerne heim til deg, men dersom du heller ønsker kan me ha samtalen i eit av kommunen sine lokale

Førebygging, tildleg innsats og folkehelse

Time kommune satsar på førebygging, tidleg innsats og folkehelse. Målet er at flest mogleg har eit aktivt liv og klarer seg best mogleg i eigen bustad.

Dei fleste eldre bur i eigen heim og klarer seg bra. Når alderen auker kan helsa endrast og gje nye utfordringr i kvardagen. Då kan du gjera enkle tiltak som me veit har positiv innverknad på helsa.

Tilbodet vert ikkje gjeve til personar som allereie mottek heimetenester eller bruker dagsenteret, då dei har ein kontaktperson i kommunen.

 

Telefonnummer til avdelingar i omsorg

Kontaktinfo

Anne-Merete Hauge Håland
Sykepleier
E-post
Teneste- og samordningskontoret
E-post
Mobil 476 08 160
Innbyggarservice
Telefon 51 77 60 00

Adresse

Røyrvika 10, 4344 Bryne

Kart