Teneste- og samordningskontoretTime kommune gjev tenester til alle med behov for pleie- og omsorgstenester, utan omsyn til alder eller diagnose. For å få tenester må du søka om det. Slik vert tenestene tildelte Etter me har fått ein søknad om teneste, tek me kontakt med deg som søkar. Me kartlegg situasjonen din og avgjer om du har rett til å få tenesta. Du mottek eit brev, vedtak, som seier om du får innvilga tenesta. Tenestene vert tildelt på lågast mogleg nivå slik omsorgstrappa (DOCX, 60 kB) viser. Det lågaste trinnet i omsorgstrappa er tildeling av praktiske hjelpemidlar for å kunna klara seg heime. På nettsida hva.kanhjelpe.no kan du finne råd, tips og erfaringar for å hjelpe deg med å finne løysningar som passar for deg. Tenestene er heimla i Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m. Søk omsorgstenester Søk helse- og omsorgtenester her Dette kostar tenestene Nokre tenester er gratis, mens andre tenester har eigenbetaling. Prisar for omsorg Klage på vedtak Hvis du ikkje er einig i vedtaket som du har fått kan du klaga innan fire veker etter at du mottok brevet. Telefonnummer omsorgstenester Sist endra15.01.2021 09.33