Dei kommunale bustadene skal nyttast til personar som ikkje sjølv kan ivareta sine interesser på bustadmarknaden og som treng hjelp til å skaffa seg eigna husvære for kortare eller lengre tid grunna helse- og sosiale vanskar.
Bufellesskap er bueininger med personale enten heile eller delar av døgnet.
Bustadene er delt inn i 2 kategoriar
Utleigebustader som vert utleigd for eit avgrensa tidsrom - gjerne tre år.
Bufellesskap med personale heile eller delar av døgnet.
Vilkår for tildeling av kommunal bustad:
- Vera sosialt vanskelegstilt utan økonomisk evne til sjølv å kjøpa eller leiga eigna husvære.
- Ha varig nedsett fysisk og/eller psykisk funksjonsevne.
- 1. gongs etablering av flyktningar som skal busetjast i kommunen i tråd med vedtak.
- Ha manglande evne til sjølv å skaffa seg eigna husvære.
Søk kommunal bustad
Mellombels butilbod
Har du eit akutt bustadbehov og ikkje kan skaffe deg tak over hovudet på eiga hand, pliktar kommunen å finne eit mellombels butilbod til deg. Opplysningar om dette kan ein få ved å venda seg til NAV.
Sist endra15.07.2019 11.33