Teneste- og samordningskontoret

Time kommune gjev tenester til alle med behov for pleie- og omsorgstenester, utan omsyn til alder eller diagnose. For å få tenester må du søka om det.

Slik vert tenestene tildelte

Etter me har fått ein søknad om teneste, tek me kontakt med deg som søkar. Me kartlegg situasjonen din og avgjer om du har rett til å få tenesta. Du mottek eit brev, vedtak, som seier om du får innvilga tenesta.

Tenestene vert tildelt på lågast mogleg nivå slik omsorgstrappa (DOCX, 67 kB) viser (PDF, 162 kB). Det lågaste trinnet i omsorgstrappa er tildeling av praktiske hjelpemidlar for å kunna klara seg heime. På nettsida hva.kanhjelpe.no kan du finne råd, tips og erfaringar for å hjelpe deg med å finne løysningar som passar for deg.

Tenestene er heimla i Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m.

Søk omsorgstenester

Du kan søka om omsorgstenester på skjemaet søknad om omsorgstenester (PDF, 103 kB).

Du kan søka elektronisk med å senda inn skjemaet via vår teneste for sikker digital innsending til kommunen eller levera skjemaet på Innbyggarservice i Time rådhus.

 

Dette kostar tenestene

Nokre tenester er gratis, mens andre tenester har eigenbetaling.

Prisar for omsorg

 

Klage på vedtak

Hvis du ikkje er einig i vedtaket som du har fått kan du klaga innan fire veker etter at du mottok brevet.

Kontaktinfo

Innbyggarservice
E-post
Telefon 51 77 60 00

Opningstider

Innbyggarservice

Måndag - fredag
kl. 09.00 - 15.00
Laurdag - sundag
Stengt

Adresse

Arne Garborgs veg 30, 4344 Bryne

Kart