Avlasting

Avlasting i sjukeheim er ei teneste for innbyggarar som har  familiemedlemmer med  omfattande omsorgsbehov.

Slik er tenesta

Tenesta skal gje familien høve til regelmessig fritid og ferie. 
Begge sjukeheimane i Time kommune, Bryneheimen og Sivdamheimen, har plassar for avlastingsopphald og rullerande opphald, det vil seia at pasienten vekselvis bur heime og på sjukeheim.

Slik søker du

Du kan søka om avlasting i sjukeheim ved å nytta skjemaet søknad om omsorgstenester (PDF, 103 kB).

Dette kostar tenesta

Det er ingen eigenbetaling for avlasting i sjukeheim.

 

Telefonnummer til avdelingar i omsorg