Har du lurt på dette med digital fullmakt?
Bjørg er snart 80 år og har den siste tida blitt litt meir ustødig til beins og meir avhengig av praktisk hjelp. Ho får nå hjelp av heimesjukepleia som kjem innom henne eitt par gonger i veka. Nå som Bjørg har fått eit større behov for hjelp i kvardagen, vil Hilde, dotter hennar, at hun skal følga opp mora si litt tettare.
Hilde ber mor si om å få tilgang til hennar brukar på Helsenorge, slik at ho kan administrera og følga opp den helsehjelpa Bjørg treng. Bjørg takker ja til dette og dei set seg ned framfor pc'en. Men først treng Hilde å få ei fullmakt frå mor si.
Det er enkelt å gje og få fullmakt for bruk av tenester på Helsenorge. Hvis Bjørg gir fullt samtykke til det, kan Hilde gå inn på Helsenorge på vegne av Bjørg og sjekka når heimesjukepleiaren har avtale om å koma, avbestilla timen dersom det ikkje passar og fornya resepter på medisin som Bjørg treng.
Slik gir du fullmakt:
• Logg inn på Helsenorge
• Trykk på namnet ditt øvst til høyre
• Gå til "Fullmakter" i lista
• Trykk på "Gi ny fullmakt"
• Vel eit familiemedlem frå lista eller oppgi ein annan person og vedkommande sitt fødselsnummer
• Trykk "Neste"
• Vel deretter kor lenge fullmakta skal vera gyldig og kva fullmakta skal gjelda for
• Avslutt med å trykka "Opprett fullmakt"
Ønsker du meir informasjon? Les meir om korleis du kan bruka tenestene på andre sine vegne på Helsenorge.
Du kan og kontakta Helsenorge ved å ringa på telefon 23 32 70 00.