Svendsenhuset aktivitetssenter Svendsenhuset er eit dag- og aktivitetssenter som har mål om å gje menneske med utfordringar ein betre kvardag. Tilbodet er for personar over 18 år. Godt miljø Her har me eit miljø der du saman med andre kan styrka det sosiale nettverket ditt og delta i meiningsfulle aktivitetar både i og utanfor huset. Det er utsal av Asfalt kvar vekedag frå kl. 09.00 - 11.00. Tilbodet er gratis Du treng ikkje søka for å bruka tilbodet i Svendsenhuset. Det er berre til å ta kontakt. Tilbodet er gratis. Adresse Hulda Garborgs veg 7 Bryne Besøk gjerne Svendsenhuset si side på Facebook. Telefonnummer til avdelingar i omsorg Sist endra18.11.2020 13.36