Kva er ledsagerbevis?
Den som har ledsagerbevis kan ta med seg ein ledsager utan ekstra kostnad på kultur- og fritidsarrangement. Ordninga gjeld berre hos dei verksemdene som aksepterer ledsagerbevis. Dette gjeld mellom anna alle kommunale verksemder i Time kommune, inkludert Bryne kino og Storstova.
Kven kan få ledsagerbevis?
Ledsagerbevis er for personar som på grunn av sjukdom eller nedsatt funksjonsevne har behov for bistand for å kunna delta på arrangement.
Her søker du
Søknadsskjema for ledsagerbevis
I tillegg må du senda inn legeerklæring og passbilde. Saksbehandlingstida er tre veker.
Treng du hjelp til utfylling?
Ta kontakt med Innbyggarservice på rådhuset om du treng hjelp til å fylle ut søknaden.
Klage
Om du ikkje er nøgd med vedtaket du har fått, har du rett til å klaga. Fristen er tre veker frå du mottok vedtaket. I klagen oppgir du kva du ønsker å endra, og grunngjev dette. Klagen kan sendast til kommunen eller leverast til Innbyggarservice.