Tekniske hjelpemidler

Kommunen har eit lager med tekniske hjelpemiddel. Har du ein sjukdom, skade eller andre grunnar som gjer  at du har behov for hjelpemiddel kan du låna hjelpemiddel for ein kortare periode. Hensikten er at du skal vera mest mogleg sjølvhjelpt i kvardagen.

Kven kan låna?

Alle som bur eller oppheld seg mellombels i kommunen.

 

Kva kan du låna?

Enkle tekniske hjelpemidel som legg til rette og hjelper deg i kvardagen. Det kan vera  hygienehjelpemiddel til bad og toalett og forflyttingshjelpemiddel inne i huset eller utandørs.

 

Kor lenge kan du låna hjelpemiddel?

Hjelpemidla kan du låna i tre månadar. Du kan avtala inntil tre nye månadar om gangen viss det er nødvendig. Du må sjølv gje beskjed om du treng å forlenga eller vil avslutta lånet. Viser det seg at du treng eit varig utlån, det vil seia lengre enn to år, er det NAV Hjelpemiddelsentral (link) som låner ut etter søknad. Ein fagperson i kommunen kan hjelpa deg med søknaden.

 

Kva koster det?

Utlån frå lageret er gratis. Du kan få hjelpemiddelet kjørt heim til deg mot å betala 200 kroner.

 

Korleis tek du kontakt?

Det er ein eigen kontakttelefon for korttidsutlån: 51 77 65 79. Denne er betent til ulike tider på dagen. Du kan og kontakta Servicetorget, telefon 51 77 60 00 i opningstida.

Dersom du er usikker på kva du treng å låna og treng hjelp av nokon som kan rettleia deg, kan du kontakte fysio- ergoterapitenesta i kommunen. Det gjer du enklast ved ringa Servicetorget.

Kontaktinfo

Servicetorget
E-post
Telefon 51 77 60 00