Fysioterapi for vaksne

Fysioterapeutene har kunnskap om kropp, bevegelse og funksjon, og førebygger og behandlar sjukdom og plager i muskel- og skjelettsystemet.

Fysioterapeuten kan bidra med

  • Undersøking
  • Trening og behandling
  • Rettleiing, informasjon og råd
  • Gruppetrening i sal og i basseng

Kommunale fysioterapeuter har tilbod om trening i gruppe for personar med lungesjukdom og osteoporose. I tillegg er det og mogleg å delta i gruppe dersom du ønskjer å betra balansen din.

 

Kven kan få fysioterapi?

Viss du har sjukdom, skade eller av anna grunn har nedsett fysisk funksjonsevne, kan du få hjelp av ein fysioterapeut. Det gjeld for alle som bur, eller kortvarig oppheld seg i kommunen. Du treng ikkje tilvising frå lege.

Kva kostar det?

Det er eigendelsbetaling for fysioterapi etter godkjente takster. Unntak er barn 0-16 år og personar med godkjent yrkesskade. Når du har nådd eigendelstak 2 får du automatisk tilsendt frikort eigendelstak 2. Frikortet må visast fram til fysioterapeuten. Du finn meir informasjon om frikort på helsenorge.no eller ved å ringa 800 43 573.

 

Kommunale fysioterapeuter

Kommunale fysioterapeuter kan kontaktast via Innbyggarservice, tlf. 51 77 60 00, ope 0900-1500.

Tilvisingsskjema for fysio- og ergoterapeuter (DOC, 34 kB)

 

 

Fysioterapeuter

Kommunen har avtale med private fysioterapeuter som ein del av kommunen sitt helsetilbod. Det er og ein manuell terapeut som er primærkontakt i helsetenesta og denne har rett til å sjukmelda og tilvisa til spesialisthelseteneste.

 

 

Private fysioterapeuter og manuell terapeut med avtale

 

Bryne Fysio- og manuellterapi. Telefon 51 48 09 80

v/ Marit Løge, Dagne Skjærpe Aksnes, Christina Randulff og manuell terapeut Nina Gjøse
Besøksadresse : Kirsten Brynes veg 7, 4344 Bryne

Bassengtrening i Sivdammen helsebasseng, Røyrvika 10, 4344 Bryne

Time Fysikalske Institutt. Telefon : 51 48 11 11

v/ Gisle Bjelland
Besøksadresse : Hetlandsgt. 9, 4344 Bryne (Høghuset, inngang B)

Kvernaland fysioterapi: Telefon: 51 48 44 44

v/ John Yngve Hisken

Besøksadresse: Kvernalandsvegen 8, 4356 Kvernaland (Frøyhallen, 2.etg.)

 

Kva skjer etter tilvising

Du blir kontakta av ein fysioterapeut. Ventetida kan variera og avhenger av nødvendig prioritering og ledig kapasitet. Dersom ventetida er over ein månad får du svarbrev med informasjon om ventetid.

 

Du kan klage

Pasient- og brukarrettighetslova skal sikre at alle som trenger nødvendig helsehjelp får dette, jmf. §2-1a. Du kan klaga dersom du meiner du ikkje får hjelp, eller ikkje får tilstrekkeleg hjelp, jmf. §7-2. Klagen skal være skriftleg og rettast til Fylkesmannen, og sendast til kommunen. Trenger du hjelp til å skriva klage kan du kontakte Servicetorget.

Kontaktinfo

Innbyggarservice
E-post
Telefon 51 77 60 00