Barnefysioterapeuten kan bidra med
- Vurdering og undersøking av barn enten i våre lokale eller på helsestasjonen
- Behandling og førebygging
- Oppfølging i heim ved behov dersom medisinske eller andre forhold gjer det nødvendig eller det er mest praktisk
- Oppfølging og rettleiing i barnehage og skule; då drar fysio- og ergoterapeutane ut til barnehagar og skular for individuell oppfølging og tilrettelegging i samarbeid med personalet
-
Me deltar i tverrfagleg oppfølging av barn og er med på samarbeidsmøte med aktuelle instansar som foreldre, barnehage, skule, helsesøster, fastlege, spesialisthelsesteneste eller hos Hjelpemiddelsentralen
-
Barnefysioterapeutane har tett samarbeid med barne-ergoterapeut for å vurdera, prøva ut, søka om og tilpassa aktuelle hjelpemiddel i heim, barnehage eller skule
Kven kan tilvisa?
Foreldre kan sjølv tilvisa til fysioterapeut, eller tilvisinga kan gå gjennom barnehage, skule, helsestasjon, fastlege eller sjukehus med godkjenning frå føresette.
Tilvisingsskjema
Tilbod til barn i Time kommune
I tillegg til individuell oppfølging har vi også oppfølging i grupper (både faste grupper og grupper sett saman etter behov).
Me tilbyr intensiv motorisk treningsgruppe for 5-åringar, der barn som blir tilvist til oss trenar intensivt på grov- og finmotoriske ferdigheiter i ein periode på 4 veker, 3 gonger i veka og 1,5 time per gong. Her deltar både fysio- og ergoterapeut med opplegg.
Me tilbyr bassenggruppe for barn i skulealder, frå 1-7 klasse. Her kjem barna saman med assistentar.
Time kommune er vertskommune for Bryne videregående skule og me har ein fysioterapeut i 50 prosent stilling på Avdeling for hverdagslivstrening.
Kva kostar det?
For barn under 16 år og personar med godkjent yrkesskade er tilbodet gratis. Andre betaler ein eigenandel.