Ergoterapi for vaksne

Ergoterapeuten hjelper menneske til å fungera optimalt i kvardagen når dei har problem med sine daglege gjeremål grunna sjukdom, skade eller anna funksjonsnedsetting.

Ergoterapeuten kan hjelpa med

  • Kartlegging av funksjon
  • Trening i daglege aktiviteter
  • Tilpasning av aktivitetar og arbeidsvanar
  • Søka om samt tilpasse hjelpemiddel
  • Tilrettelegging i heim, skule eller på arbeidsplass
  • Rettleiing, informasjon og rådgjeving
  • Rådgjeving ved endring av bustad og i planlegging av bustad.

Kven kan få ergoterapi?

Personer som har, eller står i fare for å få, vanskar med å klara sine daglege aktivitetar.

 

Korleis få kontakt med ein ergoterapeut?

Ein kan ringe Innbyggarservice..

Bruk vårt skjema for tilvisning. (DOC, 34 kB)


 

Kva skjer vidare?

Etter tilvisning tar ergoterapeuten kontakt med deg. Ventetida varierer, og avhenger av nødvendig prioritering og ledig kapasitet. Viss du må venta ein månad eller meir, får du skriftleg svar og informasjon om ventetida.

 

Kva kostar det?

Tenesta er gratis.

 

Eg ønsker å klaga. Kva gjer eg?

Pasient- og brukarrettighetslova skal sikre at alle som trenger nødvendig helsehjelp får dette, jmf. §2-1a. Du kan klaga dersom du meiner du ikkje får hjelp, eller ikkje får tilstrekkeleg hjelp, jmf. §7-2. Klagen skal være skriftleg og rettast til Fylkesmannen, og sendast til kommunen. Trenger du hjelp til å skrive ein klage kan du kontakta Servicetorget.

Kontaktinfo

Innbyggarservice
E-post
Telefon 51 77 60 00
Heidi Garborg
Leder/Virksomhetsleder
E-post
Mobil 993 15 148