Ergoterapi for barn 0 - 16 år
Ergoterapeuten hjelper menneske å fungera optimalt i kvardagen når dei har problem med daglige gjeremål på grunn av sjukdom, skade eller nedsett funksjonsevne.
Ergoterapi for barn 0-16 år
Barn som av ulike grunner har nedsett funksjonsevne kan få hjelp av ein ergoterapeut.
Nettside for habiliteringstjenesten for barn og unge i Rogaland.
Kva kan barneergoterapeut hjelpa deg med
- Kartlegga funksjon
- Kartlegga aktivitetsutføring og trena daglege aktivitetar (ADL)
- Vurdering og trening av hånd/finmotorikk
- Vurdera, prøva ut, søka om og tilpassa hjelpemiddel
- Tilrettelegging i heim, skule eller barnehage
- Rådgjeving og rettleiing til føresette og samarbeidspartnarar
- Tett samarbeid med barnefysioterapeut
Foreldre kan ta direkte kontakt, eller barnet kan få tilvising frå helsesøster, lege, barnehage, skule, spesialisthelsetjenesten eller andre med godkjenning frå føresette.
Sist endra25.04.2019 11.13