Frisklivsentralen

Frisklivssentralen tilbyr hjelp til å endra levevaner, primært innan områda fysisk aktivitet, kosthald, søvn og tobakk. Du kan få oppfølging både individuelt og i gruppe.

Er for deg over 18 år

Frisklivssentralen gjev oppfølging, primært gjennom individuell helsesamtale og ulike gruppetilbod innann dei nemnde levevaneområda. Me har fokus på helsefremjande faktorar og meistring av eiga helse gjennom

  • helsesamtale
  • trening i gruppe
  • kosthaldsrettleiing og Bra Mat kurs
  • tobakk - sluttveiledning
  • livsstyrketrening

 

Ein kan sjølv ta kontakt med frisklivssentralen, eller verta henvist av fastlege, fysioterapeut, NAV m.fl.


Ta gjerne kontakt for en uforpliktande samtale med oss.

Tilvisningsskjema for frisklivsentralen

Frisklivssentralen i Time samarbeider tett med Frisklivssentralane i Gjesdal, Klepp og Hå.

Frisklivsentralen si felles nettside.

Den individuelle oppfølginga får du i heimkommunen din. Gruppetilboda kan du bruka i alle dei fire nemnde kommunane.


Timehallen, 2. etasje. Trallfavegen 4,  Bryne - Klikk for stort bileteTimehallen, 2. etasje. Trallfavegen 4, Bryne

Kontaktinfo

Innbyggarservice
E-post
Telefon 51 77 60 00
Gunhild Flatin Oftedal
Konsulent
E-post
Telefon 51 77 63 19
Mobil 411 06 242