TryggleiksalarmI ein trygg og framtidsretta kommune som Time får du sjølvsagt tilbod om tryggingsalarm i heimen din. Tryggleiksalarm for heimen Tryggleiksalarmen skal sikra tryggleik for deg som bur heime . Du får ein alarmknapp som du har på deg rundt handleddet eller halsen. Alarmen er ein enkel måte å få kontakt med omsorgstenestene på. Tryggleiksalarmen fungerer berre i heimen din. Kommunen leverer og koplar til utstyret, bortsett frå ein ekstra husnøkkel som må skaffast til veie av søkjar. Det tek opptil to veker å få tryggleiksalarm montert etter at søknad, fullmaktskjema og husnøkkel er motteke av teneste- og samordningskontoret.. Søk helse- og omsorgtenester her Det er eigenbetaling for denne tenesta. Prisar for omsorg Sist endra05.06.2020 10.25