Kreftkoordinator

Kreftkoordinatoren er ein kontaktperson for menneske som er ramma av kreft, og for deira pårørande.

Slik er tilbodet

Kreftkoordinatoren vil gje støtte, råd og rettleiing knytta til sjukdom, behandling, rehabilitering og lindrande sjukdom.
Koordinatoren har oversikt over relevante tilbod og tenester og er eit bindeledd mellom spesialisthelsetenesta og kommunen. Ho gir òg råd til andre som yter tenester til eller er i kontakt med kreftramma og deira pårørande.

Ta kontakt

Du treng ikkje søka om å få kreftkoordinator, det er berre å ta kontakt.

Dette koster tenesta

Kreftkoordinator-tenesta er gratis.

Kontaktinfo

Evy-Ann Helle
Kreftkoordinator
E-post
Telefon 51 77 63 49
Mobil 482 02 107

Opningstider

Kontortid måndag- fredag 08.00 - 15.00.

Adresse

Besøksadresse: Sivdamheimen 1. etg, Røyrvika 12.

Kart