FritidskontaktFritidskontakt er eit tilbod til dei som ikkje kan ha omsorg for seg sjølv, eller som er heilt avhengig av praktisk eller personleg hjelp. Fritidskontakten skal legga til rette slik at brukaren kan delta i ulike fritidsaktivitetar/tilbod får utvida det sosiale nettverket sitt får kontakt og støtte på eigne premissar Saksbehandlar vel ut fritidskontakt saman med brukar. Søk fritidskontakt her Det er ingen eigenbetaling for denne tenesta Vil du verta fritidskontakt ? Er du over 18 år ? Vil vera saman med eit barn, ungdom eller vaksen med hjelpebehov på ulike fritidsaktiviteter? Svarar du ja på begge spørsmåla kan du søkje om å verta fritidskontakt i Time kommune. Du vil få opplæring før du startar. Ta kontakt med Teneste- og samordningskontoret på tlf. 476 08 160 eller send inn ein søknad. Sist endra07.12.2020 12.21