Studio K. Kreativ verkstad

Klikk for stort bilete Hjå Studio K på Kvernaland får du utfalde seg kreativt og leike med mange ulike materiale og medium i løpet av sommaren.

Om Studio K

Studio K er eit prosjektrom og visningsrom for samtidskunst, grunnlagt i juni 2018. Vi brenn for at både barn og vaksne ikkje berre skal bli glade i kunst, men også bli inspirerte til å skape noko sjølv. Sommar-Time med Studio K er gratis, og du er hjarteleg velkomen! Merk at dei tre vekene er inndelt i alderstrinn.

Adresse: Kvernelandsvegen 41, 4355 Kvernaland

For meir informasjon om Studio K, sjå gjerne:
Facebook
Instagram
Nettside: www.studiokprosjektrom.com

Påmelding
 

Veke 26: FULLT - venteliste oppretta
Veke 31: Ledig plass
Veke 32: FULLT - venteliste oppretta

Påmelding innan 10. juni.

Program

Veke 26:  28. Juni - 2. Juli  - Aldersgruppe 7.-10. trinn, 15 deltakarar (FULLT - du kan skriva deg på venteliste)Klikk for stort bilete 

«Bevegelse, kropp og materiale» med Kari Ann Lending Kleiveland, måndag 28. og tysdag 29. juni, 10.00-15.00
I denne workshopen vil de få ein introduksjon til prosjektet «Malleable Bodies» og de får vera med på å utvikle ein koreografi/performance som vil synast fram for foreldre ved slutten av workshopen. Viktigast av alt: vi skal leike oss med ulike materiale, med bevegelse, tekstilar og sacco-sekkar!

«Re-design» med Ole Martin Sandland, onsdag 30. juni, 10.00-15.00
Vi kan skape mykje med søm og tekstilar. I dette sykurset vil fokuset væra å skape noko nytt med utgangspunkt i brukte tekstilar. Man kan for eksempel sy handlenett av ei t-skjorte som du har vekse deg ut av, og ein gamal duk kan bli til eit pennal. Ta ein titt i skapet ditt, finn fram nokre gamle plagg og la oss sette i gang!

«Skriveverkstad» Ingrid Lending , torsdag 1.juli, 10.00-15.00
Tekst-verkstad er for deg som likar å skrive. Under denne verkstaden kjem vi til å gjere ulike skriveøvingar, og vi vil sjå på ulike måtar å skape og jobbe med tekst på. Verkstaden er ein trygg stad kor det skal væra rom for å prøve seg fram, og kor vi skal utforske tekstar saman.

«Teikneglede» med Kjellaug Thingbø, fredag 2.juli, 10.00-15.00
Vi prøver ut tekning i forskjellige teknikkar med både kullstift og blyant. Det er eit uhøgtideleg kurs utan millimeter-nøyaktigheit. Det skal væra moro å teikne, og alle gjer det på sin måte. I løpet av kurset vil alle deltakarane skape noko dei kan ta med heim og henge opp på veggen.
 

Veke 31 :  2. august - 6. august  -  Aldersgruppe 5.-6. trinn, 15 deltakararKlikk for stort bilete 

 «Maleglede m/utstilling» Kjellaug Thingbø (m/Kari Ann Lending Kleiveland), måndag 2. august - fredag 6. august, 10.00-15.00
Vi jobbar med ulike media og teknikkar i kombinasjon med akrylmaling. Dette kurset passar for nybegynnarar, og for dei som har malt før, men som vil løyse opp uttrykket. Her er ingenting feil, vi leitar etter ditt personlege kunstuttrykk. Vi leikar oss, og tek på oss dei kreative brillene og overraskast av det vi gjer.

Utstillingsworkshop (m/Kari Ann Lending Kleiveland): Kva har vi laga desse dagane? Vi utforskar rommet med kunsten vi har laga desse dagane, og inviterer foreldre til vising siste dag. Deltakarane får med seg kunsten sin heim på slutten av dagen.
 

Veke 32: 9. august – fredag 13. august  -  Aldersgruppe 3.-5. trinn, 15 deltakararKlikk for stort bilete (FULLT - du kan skriva deg på venteliste)

«Kreativ Verkstad m/utstilling»  Mari Kalheim Bagshaw (m/Kari Ann Lending Kleiveland), måndag 9. tysdag 10., onsdag 11.august – 10.00-15.00
I løpet av desse dagane skal vi få uttrykke oss på fleire forskjellige måtar, både med tusj, maling og leire. Det blir stort fokus på å setje sitt eige personlege preg på det vi lagar. Her har vi nemleg fått lov til å farge utanfor linjene!

Utstillingsworkshop onsdag 11. august (m/Kari Ann Lending Kleiveland): Kva har vi laga desse dagane? Vi utforskar rommet med kunsten vi har laga desse dagane, og inviterer foreldre til vising siste dag. Deltakarane får med seg kunsten sin heim på slutten av dagen.

«Dans og koreografi» med Lisa Marie Bredland, torsdag 12.august og fredag 13.august – 10.00-15.00
Likar du dans og musikk? Då er dette noko for deg! Vi kjem til å bruke dagane til å utforske bevegelse til musikk, og til å utvikle og å læra koreografi(ar). Hjarteleg velkommen!