Sommarturnskule

Klikk for stort bilete Bryne turnlag inviterer til sommarturnskule i veke 31.

Tilbodet er for alle barn i alderen 9-12 år. Det kostar ingenting å delta. Alle kan delta på aktivitetane. Om du har lyst til å prøva turn for første gong eller har gått på turn før så passar dette tilbodet for deg.

Sommerturnskulen vert arrangert i Timehallen måndag 02.08.21 til og med fredag 06.08.21. Opplegget varer frå 10:00 til 15:00 kvar dag. Deltakarane må ta med matpakke til lunsj.

På turnskolen skal me gjennom mange av øvingane i Idrettens grunnstige 1. Gjennom øvingane får barna utvikla koordinasjon, muskelstyrke, fart, rørsle, rytme og evna til å orientera i rommet, både individuelt og i samarbeid med andre. I tillegg skal me bruke trampett og leika mykje.

Påmelding
Søknad om å få delta kan du senda på epost til bryneturn@bryneturn.no

Søknaden må innehalda følgande:
Navn på deltakar
Fødselsdato på deltakar
Navn på føresett
Tlfnr til føresett
Epostadresse til føresatt

Det er avgrensa plassar så ver rask med å senda inn søknad. Du vil få melding på e-post om du får plass.