Fysisk aktiv i Time

Går du på 7. til 10.trinn og likar å vera i aktivitet? Me i avdeling Fritid i Time kommune har gleda av å invitera deg med på Sommar-Time 2021, der me i løpet av vekene 26, 31 og 32 arrangerer «Fysisk aktiv i Time», i lag med forskjellige idrettslag.

Fotball, handball, sjakk, symjing, bordtennis, surfing, tennis og karate står alle på lista over aktivitetar du kan vera med på desse vekene. Aktivitetane startar kl 10 og held på fram til kl 15 kvar dag, måndag – fredag.

Vekeplan (PDF, 9 kB)  Påmelding

Oppdatert 11. juni: Løpande påmelding til det er fullt!

  • Med mindre noko anna står spesifisert på vekesoversikta, har du sjølv ansvar for å ta med niste og drikke som skal vare dei timane aktivitetane føregår.
  • I kvar aktivitet vil det vera instruktørar frå dei ulike idrettslaga til stades. Dei vil sørga for at dagane har eit variert innhald. Det er eit mål at du kanskje lærer noko nytt og blir kjent med andre ungdomar.
  • Tilbodet er gratis.
  • Grunna nødvendige smitteverntiltak er det berre 20 ledige plassar per dag.

Klikk for stort bilete