Fotodagar med Fotospiren

Fotospiren i Bryne fotoklubb inviterer til fotodagar 28. og 29. juli.

Har du lyst til å læra å fotografera? Her får du sjansen!

Tilbodet er for deg som er 9-18 år (det er lov å a ha med føresette).

Det vert fotoprosjekt inne og ute begge dagane med mange spanande fotoprosjekt. Foto av AM-car, MC, dyr, såpebobler, vatn og mykje meir.

Utstyr: Eige kamera (OBS! Mobilkamera kan berre brukast til nokon av prosjekta). Dersom du ikkje har kamera må du kryssa av for dette i påmeldingsskjemaet. Fotoklubben har nokre kamera til låns og må vita kor mange kamera som må klargjerast.

Dato og tid: 28. og 29. juli kl. 11.00 - 16.00
Pris: Gratis
Mat: Servering av pølser og brus kl. 13.00
Arrangør: Bryne fotoklubb

MELD DEG PÅ HER