Sommar-Time

Klikk for stort bilete

Går du på skule i Time kommune på 1.–10. trinn?

Då har me mykje kjekt du kan melda deg på i sommar. Alt er gratis. Tilboda er i veke 26, 27, 31 og 32.

OPPLEV - DELTA - UTFORSK med Garborgsenteret
For deg som går på 5.–7. trinn skuleåret 20/21.
LEDIGE PLASSAR. Påmeldinga er open fram til slutten av juli.

Time bibliotek. REGNSKOGEN
For deg som går på 4.–7. trinn skuleåret 20/21.
LEDIGE PLASSAR. Påmelding er open fram til 1. juli.

Forskarfabrikken. SOMMARLAB
For deg som går på 4.–6. trinn skuleåret 20/21.

Fantefølge. TEATERCAMP og DANSECAMP
FULLT Teatercamp for deg som går på 4.–7. trinn skuleåret 20/21. 
FULLT Dansecamp for deg som går på 4. - 7. trinn skuleåret 20/21.

Studio K. KREATIV VERKSTAD
For deg som går på 3.–5. trinn, 5.–6. trinn og 7.–10. trinn skuleåret 20/21.
Fullt veke 26 og 32. Ledig plass i veke 31. Påmelding open fram til slutten av juli.

KODECAMP (PDF, 155 kB)
For deg som går på 5.–7.trinn skuleåret 20/21.
FÅ PLASSAR LEDIG. Påmelding open fram til slutten av juli.

FYSISK AKTIV I TIME
For deg som går på 7.–10.trinn skuleåret 20/21.
FÅ PLASSAR LEDIG i veke 26. God kapasitet veke 31 og 32. Påmelding open fram til slutten av juli.

SOMMARSPEIDING
For deg som går på  1.–4. trinn skuleåret 20/21.

Jæren golfklubb - FERIEKLUBB
Kva: Gratis ferieklubb/golfskule for barn som bur i Time kommune
For kven: 10-15 år
Når: 1.juli- 3.juli (alder 10-12 år) og 5.juli- 7.juli (alder 13-15 år) 
Kvar: Jæren golfklubb sitt anlegg på Grødem
Invitasjon og informasjon (PDF, 845 kB)
Informasjon på nettsida til Jæren golfklubb
Arrangør: Jæren golfklubb

Om Sommar-Time
I forbindelse med koronapandemien kan kommunane søka Utdanningsdirektoratet om tilskot slik at det kan leggast til rette for sommartilbod for elevar i grunnskulen.

Me har fått tilskot til å oppretta fleire sommarskuletilbod til elevane ved våre grunnskular. Me har samarbeida tett med fleire lokale aktørar og det har vore viktig å få til variasjon både i innhald og plassering. Målsettinga er ein arena kor elevar i grunnskulealder kan delta i faglege, sosiale og kulturelle aktivitetar i sommarferien, seier Siri Endresen, barne- og familiesjef i Time.

Andre tilbod i Time for barn og unge i sommar

Her samlar me informasjon om alle andre aktivitetar i kommunen for barn og unge i sommar. Informasjonen vert forløpande oppdatert etterkvart som me får inn informasjon om dei ulike tilboda.

Familiebading i Sivdammen helsebasseng
Ope for familiebading i veke 27, 28, 29 og 30 (5. - 30. juli):
Måndagar kl 12-16
Onsdagar kl 16-20
Torsdagar kl 16-20
Pris: kr 40 per time

Ferieklubb
Kva: Gratis ferieklubb
For kven: 9-13 år
Når: Veke 29
Kvar: Oppmøtestad er Misjonskyrkja Bryne. Utflukter og overnattingstur
Informasjon og påmelding (PDF, 407 kB).
Arrangør: Blåkors

Dansecamp for ungdom med Fantefølge
Kva: Gratis dansecamp. Ulike danseklassar i moderne og jazz med fokus på formidling og teknikk
For kven: Ungdom
Når: Veke 26 og 32, kl. 17.30 - 20.00
Informasjon og påmelding
Arrangør: Fantefølge i samarbeid med Gjensidigestiftelsen

Camp Rosseland junior
Kva: Gratis aktivitetscamp med vekt på fotball og handball
For kven: Barn født i 2013 og 2014
Når: Veke 27 og 32
Kvar: Timehallen, Bryne
Informasjon og påmelding
Arrangør: Rosseland ballklubb

Camp Rosseland
Kva: Gratis aktivitetscamp med vekt på fotball og handball
For kven: Barn født mellom 2009 til 2012
Når: Veke 26, 27, 32.
Kvar: Rosselandsbana
Informasjon og påmelding.
Arrangør: Rosseland ballklubb

Sommarfotballskule
Kva: Fotballskule
For kven: Barn som går på 2.-6. trinn
Når: 23.-25. juni.
Kor: Bryne stadion
Informasjon og påmelding.
Pris: kr 500
Arrangør: Bryne fotballklubb

Fritidsklubbar
Møllekjellaren på Bryne held ope fram til 2. juli. Planeten fritidsklubb på Kvernaland held ope ute juni. Lyefjell fritidsklubb held stengt i skulen sin sommarferie.

 

Tilbod under planlegging

Me legg ut meir informasjon etterkvart som me får meir informasjon.

Frøyland karateklubb
Trening gjennom heile sommaren, 2-3 økter per veke.

Frøyland IL
Gratis fotballskule i forkant av skulestart.

Lye IL
Sommartilbod med ulike idrettsaktivitetar ei veke i juli.
 AVLYST

Bryne turnlag
Turnskule i Timehallen i veke 31.