Skuleskyss

For å har rett til skuleskyss må avstanden mellom heim og skule vera over 2 km for barn i 1.klasse, og over 4 km for barn i 2. til og med 10.klasse.

Bur du nærare skulen enn desse avstandane, kan du likevel ha rett til skuleskyss dersom du:

  • Har ein særleg farleg eller vanskeleg skuleveg
  • Er varig eller midlertidig funksjonshemma

Time kommune har gjort ei ny vurdering av vegane inn til Hognestad skule, Lye skule og Undheim skule. Dei har laga kart som viser kva vegar som er trygge å ferdast på for mjuke trafikantar. På kartet er dei trygge vegane farga grøne, dei som ikkje er trygge er røde. Dei som må bruka dei røde vegane for å koma til skulen, kan søkja om skuleskyss sjølv om dei ikkje har krav på skyss som følge av veglengda.  

Søknad om skuleskyss sender ein til den skulen barnet går på. Det er rektor ved skulen som behandlar søknaden.

Kontaktinfo

Innbyggarservice
E-post
Telefon 51 77 60 00