Skulefritidsordning (SFO)Time kommune har seks barneskular der det er SFO-tilbod. Desse er skulane på Bryne, Hognestad, Rosseland, Frøyland, Lye og Undheim.Informasjon om åpningstider på SFO finn ein ved å gå inn på SFO på den einskilde skule si nettside. SFO Påmelding, endring og oppseiing av SFO Du kan melda barnet på via skulen sine nettsider eller på kommunen si nettside. Ved spørsmål i samband med påmelding, kontakt heimeskulen til barnet. Påmelding, endring av plass og oppseiing av SFO skjer elektronisk Dersom du skal endra opphaldstid eller seia opp plassen så skal dette gjerast elektronisk Oppseiingstida er 2 månader og gjeld frå den 1. i kvar månad. Ved oppseiing og endringar etter 1. mars må ein betala det same som før ut skuleåret – foreldrebetalinga vert altså ikkje endra eller redusert. Sjå vedtekter for meir informasjon. Slik går du fram: Pålogging: https://skole.visma.com/time Velg ID og du får tilgang med MinID/Buypass/Commfides Velg SFO tilbod og meld på SFO Velg startdato og det SFO tilbodet du ønskjer Kryss av for at du har lese vedtektene til SFO Rettleiingshefte (PDF, 144 kB) Rettleiingsfilm - youtube Vedtekter for SFO Vedtekter SFO (PDF, 131 kB) Informasjon om SFO - norsk Informasjon om SFO - norsk (PDF, 30 kB) Informasjon om SFO - engelsk Informasjon om SFO - engelsk (PDF, 308 kB) Informasjon om SFO - polsk Informasjon om SFO - polsk (PDF, 401 kB) Informasjon om SFO - arabisk Informasjon om SFO - arabisk (PDF, 512 kB) Kvalitetsplan for Skulefritidsordninga i Time Kvalitetsplan for SFO (PDF, 483 kB) Pris og betaling Prisliste skulefritidsordning (SFO) 01.01.2021 Antal dagar 5 d/veke 4 d/veke 3 d/veke Pris pr mnd. 2 995 kr 2 395 kr 1 795 kr Matpengar 200 kr 165 kr 125 kr Pris per ekstra dag: 260 kr Ein betaler for 11 månader per år. Matpengar er inkludert i prisen Det vert ikkje gitt søskenmoderasjon.Redusert foreldrebetaling i SFOForeldre til barn i 1. og 2. klasse med samla inntekt under kr. 549 100,- har rett til å søka om redusert foreldrebetaling. Frå hausten 2021 vil dette også gjelda barn i 3. og 4. klasse. Foreldrebetaling skal frå august 2021 utgjera maks 6% av husstanden si samla inntekt for ein fulltidsplass i SFO.Ein får ikkje automatisk lågare pris på SFO om ein har låg inntekt, foreldre må sjølv søka om å få redusert pris. Ein søker om redusert pris via Visma flyt skule under «søknader». Les meir om ordninga (PDF, 410 kB)Søk redusert foreldrebetaling Sist endra18.12.2020 14.53