Jærskulen

Jærskulen er eit samarbeidsprosjekt mellom kommunane Hå, Gjesdal, Klepp og Time kommune.

Jærkommunane har over fleire år bygd Jærnettverket opp til å bli eit av dei best fungerande i Rogaland. Dette samarbeidet skal gje leiarar og tilsette den styrken som skal til for å oppnå eit betre læringsutbytte for grunnskuleelevane på Jæren.

Mål for satsinga

  • Jærskulen har eit godt læringsmiljø med kultur for læring.
  • Jærskulen har godt læringsutbytte.
  • Jærskulen har gode tilsette.
  • Jærskulen har skuleeigarar som tar ansvar for arbeidet i skulane.
  • Jærskulen har eit godt omdøme.

Nina Nygård Magnussen er leiar for Jærkommunane i dette arbeidet.

Jærskulen på Facebook: www.facebook.com/jaerskulen

Jærskulen har eiga nettside.