Den kulturelle skulesekken

Den kulturelle skulesekken er ei nasjonal satsing som skal bidra til at alle skuleelevar i Noreg får møta profesjonell kunst og kultur av alle slag.

Time kommune samarbeidar med Rogaland fylkeskommune om kulturtilbodet i Den kulturelle skulesekken. Her er oversikt over produksjonar frå Rogaland fylkeskommune inneverande skuleår.

I tillegg vert ein del av tilskotet fordelt direkte til kommunane. I Time vert dette tilskotet brukt til å produsera lokale kulturproduksjonar som alle skulane skal delta på. Dette gjeld for eksempel produksjonen "Songskattane" som er ein fast produksjon for 4. trinn.

Måla for Den kulturelle skulesekken er

  • å medverka til at elevar i skulen får eit profesjonelt kunst- og kulturtilbod
  • å leggja til rette for at elevar i skulen lettare skal få tilgang til, gjera seg kjent med og utvikla forståing for kunst- og kulturuttrykk av alle slag
  • å medverka til å utvikla ei heilskapleg innlemming av kunstnariske og kulturelle uttrykk i realiseringa av skulen sine eigne læringsmål.

Den kulturelle skulesekken (DKS) er eit samarbeidsprosjekt mellom Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet. Ordninga vert finansiert med spelemidlar og Kulturtanken har det nasjonale ansvaret.

Meir om DKS

www.skulesekken-rogaland.no

www.kulturtanken.no

Kontaktinfo

Ingve Lende
Rådgiver
E-post
Telefon 51 77 61 65
Mobil 412 20 526