Timeskulen og digitalisering

Digital skulekvardag

Kva meiner me eigentleg med digital skulekvardag?

Målet er å auka eleven sitt faglege og personlege utbytte av skulegongen. Digital skulekvardag inneber omfattande endring i læring og læringsomgjevnader basert på moglegheitene den teknologiske utviklinga opnar for.

Elevar og lærarar er utstyrte med kvart sitt læringsbrett som vert teke i bruk som primært læremiddel. Alle elevar, alle lærarar, heile leiinga ved skulen og heile foreldregruppa vert involvert. Skulane følger norske læreplanar og elevane skal vurderast på same måten som elevar elles.

Kva meiner me med digital danning?

Skulen har ei viktig oppgåve i å hjelpa til med å rusta born til å bli kompetente mediebrukarar. Det er ei omfattande oppgåve som me deler med dykk som føresette.

Sjølv om unge i dag veks opp i ei digital tid, har dei ikkje nødvendigvis god kompetanse når det gjeld god bruk.

Å gje elevar digital danning er eitt av måla, og ein viktig føresetnad, for gjennomføring av prosjektet med læringsbrett. Digital danning inneber å kunna bruka digitale verktøy, medium og ressursar på ein forsvarleg måte, og ha eit medvite høve til personvern og etisk bruk av internett.

Balanse mellom fysisk, analog og digital aktivitet i Timeskulen

I Strategiplan Oppvekst 2023-2029, står følgjande som mål og tiltak i Satsingsområde 4 Oppvekst og digitalisering: 

Mål 3: Barn og unge sin kvardag i leik og læring balanserer mellom fysisk, analog og digital aktivitet. 

Tiltak: Tilsette i Oppvekst planlegg slik at aktivitetar i løpet av ei veke balanserer det fysiske, analoge og digitale. 

Skuleeigar har eit overordna ansvar for at elevane får opplæring i tråd med læreplanverket, LK20. Skulen skal leggja til rette for at elevane utviklar dei fem grunnleggjande ferdigheitene: lesing, skriving, rekning, munnlege og digitale ferdigheiter. Dei grunnleggjande ferdigheitene høyrer heime i alle fag og må sjåast i ein samanheng. Når ein les læreplanen ser ein at planen set krav til at dei grunnleggjande ferdigheitene må jobbast med i alle fag, for at elevane skal kunne nå kompetansemåla på 1.- 10. trinn. 

Læreplanen legg opp til ein balanse mellom det digitale og analoge i alle fag på alle trinn, lik Mål 3 i Strategiplan for Oppvekst med tilhøyrande tiltak.  I det pedagogiske arbeidet i Timeskulen har me sidan innføringa av 1:1 eining hatt fokus på og jobba med at bruken av digitale verktøy skal vera formålstenleg. Det blir jobba aktivt, både kommunalt og ved den einskilde skule, med å utvikla profesjonsfagleg digital kompetanse jamfør Rammeverk for lærerens profesjonsfaglige digitale kompetanse (PfDK) (udir.no) 

01.08.24 trer ny opplæringslov i kraft. Her står det i §1.3 om tilpassa opplæring at “Opplæringa skal tilpassast evnene og føresetnadene hjå den enkelte elev (…)”. For å kunne driva tilpassa opplæring for alle elevar er det naudsynt med ulike digitale verktøy. Dei digitale verktøya gjev elevane hjelpemiddel som mellom anna opplesing og oversetjing av tekst, lydbok, ordpredikasjon og universell utforming. Tilpassa opplæring er noko anna enn spesialundervisning, og noko alle elevar har rett på. Rett bruk av digitale hjelpemiddel vil kunne hindra utanforskap ved å gje elevane moglegheiter til å delta i eit fellesskap på lik linje.   

Timeskulen ønsker å legga til rette for at føresette og tilsette kjenner til forsking som viser til dei ulike funna av skjermbruk, både positive og negative. Ein søker å ha ein balanse i tilnærminga. Forskinga er heller ikkje einsidig i råda og funna. Helsedirektoratet oppdaterte sine faglege råd 9. mai 2022. Barn og unge 6–17 år bør begrense tiden i ro, særlig passiv skjermtid på fritiden - Helsedirektoratet Direktoratet skil mellom aktiv og passiv skjermbruk, og dei skriv at ei avgrensing av skjermtid ikkje bør gå utover pedagogisk bruk av digitale læremiddel til skulearbeid. Det er den passive skjermbruken som bør avgrensast.

Professor ved Nasjonalt senter for læringsmiljø og atferdsforskning ved Universitetet i Stavanger Natalia Kucirkova, skriv i artikkelen "Hvor godt fungerer læringsappene som blir brukt i skolen? | Universitetet i Stavanger (uis.no)at det er liten hensikt i å snakka om forbod mot skjerm. Det er viktigare å ha ei grundig forståing av korleis dei digitale læringsressursane verkar på elevane si læring frå tidleg skulealder. Dette må igjen knytast til ulikt fagleg innhald og på forskjellig klassetrinn. 

I Time kommune jobbar me for å balansera det digitale og analoge i klasserommet, slik at elevane får utvikla dei digitale ferdigheitene som dei har lovfesta krav på. Me ønsker å balansera digitale, analoge og praktiske verktøy og arbeidsmåtar. Læraren sin metodefriheit er vesentleg i profesjonsutøvinga. Læreplanen legg opp til at ein elev i dagens skule skal vera meir produsent enn konsument. Det digitale verktøyet er eit arbeidsreiskap meir enn ein underhaldningsmaskin. Framtidas samfunn vil stilla krav til andre ferdigheiter enn kva som har vore viktig fram til no. Skulen har eit ansvar for å gjera elevane i stand til å møta desse krava.  

På skulen vil det som før vera varierte aktivitetar. Borna vil ikkje bli sitjande statisk framfor ein skjerm, slik me vaksne med «kontorjobb» ofte gjer. 

På heimebane må føresette laga køyrereglar for kor, når og korleis læringsbrettet kan brukast utover leksearbeidet. Helsedirektoratet har råd kring skjermbruk, der dei blant anna seier “Å tidsbegrense daglig skjermaktivitet utenom skoletid kan være en god løsning. For eksempel lage forutsigbare regler om passiv skjermbruk kun i helgene for de yngste barna, eller avgrense skjermtid til 1–2 timer daglig avhengig av alder.”  (Kjelde: Helsedirektoratet).

Køyrereglane må tilpassast den einskilde ut frå alder og personlegdom. Døme på slike reglar kan vera at læringsbrettet ikkje skal vera på rommet etter leggetid, eller kanskje ikkje i det heile! Læringsbrettet bør ha ein fast stad for lading, slik at ein slepp å leita etter det i ei travel morgonstund. Diskuter gjerne med andre føresette.