Support/litt teknisk hjelp

Teknisk hjelp

Korleis får eleven brukarstøtte?

Brukarstøtte vert gjeven av lærar. Kontaktlærar har særs ansvar, og denne vil formidle eventuelt behov vidare til IKT- rådgjevarane i kommunen.

Kva gjer me viss bornet har gløymt koden til iPaden?

Det er viktig å ikkje forsøke feil kode mange gonger. iPaden vil då kunna bli deaktivert, og ei gjenoppretting vil då kunna føra til tap av alle data lagra lokalt på iPad.

Eleven gjev melding til kontaktlærar som i mange tilfelle vil kunna resetta koden sjølv, eller vidareformidla til person som har tilgang til å fjerna koden. Dersom dette skjer mens iPad fortsatt har nettilgong så kan koden resettast. Når eleven går inn på iPaden etter å ha fjerna koden, vil ho/han få melding om å oppretta ny kode. Eleven sine arbeid forsvinn ikkje sjølv om koden vert sett på nytt på denne måten.

Kva skal me gjera viss me har deaktivert iPaden?

Du må levere inn iPaden til kontaktlærar som sørger for at Time kommune aktiverar iPaden att. iPaden må fysisk leverast inn for at den skal kunna reaktiverast, og ein vil dessverre kunna mista innhaldet.

Kan ein kobla iPaden opp mot heimenettverk, og er dette sikkert?

Ja, det er ønskeleg at ein koblar iPaden til heimenettverket. Mykje av arbeidet som er aktuelt å utføra kan skje utan nettilgang, men for f.eks. å levera lekser i Showbie, så er det nødvendig med nettilgang. Tradisjonelle virus finns ikkje og er ikkje mogleg på iPad. Avgrensingar som er sett i heimenettverk vil også gjelda skule-iPaden når den er kobla til heimenettverket.

Korleis vert appane installert på iPaden?

Appen vert installert på iPaden via et MDM-program (Mobile Device Management). Dette styrer ein slik at en app vert tilgjengeleg for alle, for einskilde skuler, eller ned til einskilde klassar/trinn. Dette skjer automatisk, og elevane treng ikkje gjera nokre nedlastingar sjølv.

Kva med sikkerheitskopiering og lagring i sky?

Elevane i Time kommune har tilgang til nær uavgrensa lagring i OneDrive (1 TB). I tillegg vil mykje av arbeidet leverast inn til lærar i oppgåve-/vurderingsløysingane Showbie/OneNote/Teams, noko som då også inneber ein ekstra sikkerheitskopi. Det er vidare knyta 200GB lagringskapasitet i iCloud til den tildelte kommunale AppleIDen.