Personvern

Personvern, overvaking og uønska innhald

Vil nettbruken av elevane sine iPad-ar overvakast?

Nei, i utgangspunktet har me avgrensa oversikt. Gjennom administrasjonssystemet har skulen høve til å sjå kva iPad som er registrert på kvar elev, og kva for appar som er installert på kvar iPad. Me har ikkje tilgang til eleven sitt innhald i appane.

Me kan til ei viss grad avgrensa kva for funksjonar elevar skal ha tilgang til, men me ser ikkje kva dei faktisk gjer (unntaket er ein app for lærar, der lærar kan sjå skjermbiletet til elevane i klassen, så lenge dei er i same klasserommet, litt på same måte som at lærar også kan vandra rundt i klasserommet og sjå kva eleven har skrive i kladdeboka).

Me kan unntaksvis gjennom administrasjonssystemet styra eleven sine tilgangar til bestemte nettsider og appar om dette blir nødvendig.

Korleis kan de sjekke/hindre uønska innhald?

 

Når det gjeld dei uheldige sidene av «ny» teknologi, og det opne internettet, så er me både forplikta til, og ønsker sjølv, å rusta elevane til å handsama dette. Me veit at mange veldig unge i dag får slike røynsler, uavhengig av tilgjengeleg teknologi på skulen, enten heime eller hjå vener eller på andre måtar.

God tilgang på digitale einingar i skulen gjev i så måte både moglegheiter og utfordringar.

Det finns potensielt tilgjengeleg ulike former for filtrering som i større eller mindre grad kan skjerma uønska innhald. Felles for dei metodane som i praksis er tilgjengelege, er at dei dels ikkje fungerer etter føremålet, dels at dei legg avgrensingar på ønska pedagogisk aktivitet, samtidig som at ein ved innføring av slike filter risikerer å (medvite eller umedvite) la filtera verta ei "sovepute" og gje "falsk tryggleik".

Når dette er sagt; me har nå likevel valt å prøva ei form for enkel filtrering, ved at me har aktivert produsenten av læringsbretta sin eigen avgrensing på "vakse innhald" i nettlesaren, for å få førstehands innsikt i fordeler og ulemper med slik filtrering.

Kan me føresette aktivere restriksjonar på iPaden når den er heime?

Sjå førre spørsmålet. Så lenge me prøver nemnde filtering, så vil den virka både på skulen og heime, og det vil ikkje vera høve til å justera på desse innstillingane på det einskilde læringsbrettet. Uansett filter eller ikkje filter, så tilrår me at ein i samhandling med barna held seg til læringsbrettet som om det ikkje finns filter.

Kva med bruk av iTunes/AppStore og AppleID?

Elevane får ein såkalla «Administrert AppleID». Dette er individuelle brukar-IDar til denne tenesta, eigd og forvalta av Time kommune. I denne løysinga er det ikkje krav til familiedelt AppleID eller kredittkort. Elevane får ikkje tilgang til AppStore, me tildelar appar gjennom kommunen sin eigen appkatalog.