Nettbrett i skulen

Nettbrett, Apple-id, iTunes og Appstore

Korleis vert appane som blir brukt i skulen kontrollert?

Appar vert foreslått av lærarar og/eller fagpersonar. Foreslått app vert deretter undersøkt, risikovurdert og kontrollert mot behov for databehandlaravtale med leverandør. Dette vert utført av kommunen sine IKT-rådgjeverar. Etter godkjenning vert appen tinga via eit volumlisensieringsprogram. Elevane har tilgang til appar gjennom bruk av firmaportalen.

Kan eleven sine (betal-)appar også lastast ned til familien sin iPad?

Nei, skulen betaler for kvart eksemplar av appane gjennom eit volumlisensieringsprogram, og det er sjølve iPaden som er registrert i systemet.

Korleis gjer me det med AppleID - må elev/føresette oppretta konto?

Nei, elevane får ein spesiell AppleID laga for utdanning («Administrert AppleID»), og på dei kommunale iPadane skal ikkje elevane legga inn ein privat AppleID.

Kva med bruk av iTunes/AppStore og AppleID?

Elevane får ein såkalla «Administrert AppleID». Dette er individuelle brukar-IDar til denne tenesta, eigd og forvalta av Time kommune. I denne løysinga er det ikkje krav til familiedelt AppleID eller kredittkort. Elevane får ikkje tilgang til AppStore, me tildelar appar gjennom kommunen sin eigen appkatalog.

Lading kan vera brannfarleg; vil det bli akseptert at iPad er lada kvelden før, det vil seie berre nesten fullada til skolestart?

Ein reknar ikkje med at iPaden skal ladast om natta. Me reknar iPaden for fullada ved ca 80 % batterikapasitet. iPad tek ikkje skade av å «klattladast», og batteriet «trivs best» mellom 20 % og 80 %. Lading ut over 80 % tek dessutan utenleg mykje tid. Det er viktig at iPaden aldri går heilt tom for straum. Elles tilrår me at ladar og/eller iPad ikkje vert dekka til med tøy eller anna under lading.

Skal iPad-en leverast etter 7. klasse, og kva med feriar?

Eleven får læringsbrettet til utlån no, og det skal leverast tilbake ved slutten av 7. eller 10. klasse. Normalt vil læringsbrettet kunne vera med heim i dei korte feriane, men me vil samla inn iPadane i sommarferien.