Erstatningsansvar

Erstatning og ansvar

Korleis vil skulen handsama brot på køyrereglane for bruk av iPad?

Bruk av læringsbrett vert omfatta av ordinære ordensreglar ved skulen, samt ein eigen avtale for iPad. Dersom skulen får melding om brot på reglane, for eksempel ved at elevane tek krenkande bilete av andre, vil denne saka bli handsama på same måten som annan krenkande åtferd.

Har eleven/føresette noko erstatningsansvar viss iPaden blir øydelagt?

Viss det oppstår skade på iPad, ladar, kablar, omslag eller tastatur på grunn av uforsiktig bruk gjeld kapittel 3.3.5 i forskrift om reglement for orden og åtferd i skulane i Time kommune, som seier at eleven og/eller føresette kan bli erstatningsansvarlege, på same måte som for anna skulemateriell.

Det kan vera at ein knuser skjermen. Ønsker skulen å fiksa dette eller ordner ein det på eiga hand?

Skolen ønsker å ta hand om dette. Ta kontakt med kontaktlærar ved uhell.

Har eleven noko erstatningsansvar viss iPaden vert stolen?

Dersom læringsbrettet blir stjåle, skal tjuveriet meldast til politiet og kopi av meldinga leverast til skulen v/rektor. Eleven har normalt ikkje noko erstatningsansvar ved tjuveri så lenge kopi av meldinga er levert til skulen.

Gjer skolen noko særskilt for å sikra seg mot tjuveri? Det kan jo bli attraktivt for folk utanfrå å koma seg inn på skulen når dei veit at kvar elev har ein iPad i sekken?

Alle iPadane som vert brukt i skolen er «DEP-aktivert». Det vil seie at dei berre kan konfigurerast og setjast opp av Time kommune. iPadene vil derfor vera verdilause for andre enn Time-skulane. Time kommune har også moglegheit til å spora lokasjonen til ein iPad som er meld stjålen. Denne informasjonen ligg ute på skulane sine nettsider.

Korleis skal iPaden oppbevarast for eksempel på vei til/frå skulen?

På vei til/frå skulen så skal iPaden oppbevarast i sekken. Ver obs på vannflasker o.l., pass på at desse ikkje lekk og ligg i eigne lommer.

Skal ein merka iPaden med namn?

Læringsbrettet kjem med eit merke med brukaridentifikasjon og serienummer på iPad. Dette skal ikkje fjernast. Dette kan vera plassert slik at det i det daglege er litt vanskelig å sjå. Det er derfor lov at eleven set på eit enkelt lite personleg klistermerke på ein lett synleg stad for betre å kjenna att sin eigen iPad, men pass på at det ikkje vert sett over skjerm, kamera eller på andre måtar som går ut over bruken. Det er ikkje lov å merka på måtar som ikkje enkelt let seg fjerna når eleven leverer inn utstyret.

Kan me byta deksel på iPaden?

Dekselet skal aldri fjernast frå iPaden (med eitt unntak; sjå neste punkt). Dekselet eleven har fått tildelt er blant dei beste på marknaden, og er støv-, sprut og støytsikkert (innanfor visse grenser, sjølvsagt, så brettet skal uansett handsamast med omhug).

iPaden ramla i badekaret (eller tilsvarande), kva gjer me?

Viss ein er rask til å plukka opp iPaden, så går ofte dette helt fint. Følgande prosedyre kan medverka til eit heldig resultat:

  1. Slå av iPad omgåande, heilt, dvs. hald inne av-knapp.
  2. Ta av deksel (einaste unntak frå regel i førre spørsmålet)
  3. Legg til tørk på tørr og høveleg varm stad, gjerne i ei bolle ris
  4. Ikkje prøv å slå på iPad berre for å testa om den er ok
  5. Ta med iPad til skulen og forklar. Skulen vil då la iPad liggja og tørka lenge (omkring ei veke).