Opptak ved anna skule i Time kommune

Det er fritt skuleval i Time kommune. Dette medfører at føresette kan søkja om plass til sin elev ved ein annan skule enn det som følgjer av rettleiande skulekrinsar og nærskuleprinsippet. Om skulen har ledig elevplass, vil søknaden bli innvilga. Elevar som høyrer til skulen etter rettleiande skulekrinsar, har første prioritet for plass.

Rutinar for å søkja opptak ved anna skule i Time kommune:

  • I Visma Flyt Skule vil det etter 1. oktober stå kva skule eleven skal gå på komande skuleår etter rettleiande skulekrinsar.
  • Meld frå til skulen eleven går på om ein vil søkja ein annan skule. Frist for å søkja er innan 1. desember for komande skuleår. Søknadar som kjem inn etter 1. desember vil berre bli vurderte dersom eleven vil ha rett på plass etter nærskuleprinsippet og opplæringslova §8.-1.
  • Dersom søknad om opptak ved anna skule er grunngjeva i opplæringslova § 9A-4, vil eleven få tilbod om skuleplass ved ein skule der det er kapasitet.
  • Fyll ut skjema for søknad om opptak.
  • Søknaden vil bli behandla etter 1. desember.
  • Søknad om opptak ved anna skule blir behandla individuelt av kommunen, og resulterer i eit enkeltvedtak. Ein kan klaga på vedtaket, jf. Forvaltningslova § 28.
  • Søknaden blir behandla under føresetnad at begge føresette er informert og samtykker til søknaden. Vedtaket vil bli sendt til begge føresette, med mindre det er juridiske årsaker.

Søknad om opptak ved anna skule i Time kommune

Rettleiande skulekrinsar barneskular (PDF, 13 MB) 

Rettleiande skulekrinsar ungdomsskular (PDF, 13 MB)

Rettleiande skulekrinsar ungdomsskular på Bryne (PDF, 8 MB)