Støttekontakt

Nokre menneske treng hjelp for å kunna koma seg ut, vera saman med andre eller delta på aktivitetar. Støttekontakten er den hjelparen som bidrar til å gje ei meir meiningsfull fritid, auka tru på seg sjølv, noko å sjå fram til og gode minner. Støttekontaktar får timebetalt av kommunen

Kven kan vera støttekontakt?

Me treng støttekontaktar med ulike erfaringar og interesser. Me ønsker å koma i kontakt med dei som oppfyller desse kriteria:

  • Er ein påliteleg person som liker å jobba med menneske.
  • Er over 18 år, har ein stabil livssituasjon og kan binda deg for minst eitt år. Dersom du er spurt om å vera støttekontakt for ein person du kjenner, kan du vera 16 år, og i kortare tid enn eitt år.
  • Kunna levera oppdatert politiattest (gyldig i tre månadar frå nå). 

I barnevernet er det barn og ungdommar som er i forskjellige livssituasjonar. Fleire av desse kan ha problematiske familieforhold og lite sosialt nettverk, noko som gjer at dei treng gode og trygge unge vaksenpersonar og rollemodellar som kan bidra til tryggheit og positive erfaringar.

Å vera støttekontakt er timebetalt oppdrag og vert ikkje anbefalt som hovudinntekt.

Teieplikt

Alle støttekontaktar må signera erklæring om teieplikt. Teieplikta gjeld ikkje ovanfor barneverntenesta eller helse- og sosialkontoret. Dersom du er usikker, kan du spørja kontaktpersonen din.

Ønsker du å vera støttekontakt?

 

Her kan du søkja om å verta støttekontakt

Kontaktinfo

Innbyggarservice
E-post
Telefon 51 77 60 00