Vedtekter og planleggingsdagar

Vedtekter  og skule- og barnehagerute gjeld for dei kommunale barnehagane.

Skule- og barnehagerute 2019/20 (PDF, 34 kB)

 

Vedtekter barnehage

1. Eigartilhøve og ansvar for drift av barnehagane

1.1 Vedtektene gjeld barnehagar som blir drivne av Time kommune.

1.2 Utval for Levekår er styringsorgan for dei kommunale barnehagane i Time.

1.3 Barnehagane er administrativt knytta til tenesteområde oppvekst.

2. Formål

2.1 Barnehagane skal vera ei pedagogisk tilrettelagt verksemd. Dei skal drivast i samsvar med Lov om barnehagar, Kunnskapsdepartementet sine forskrifter, nasjonal rammeplan, kommunale vedtekter og den enkelte barnehage sin årsplan.

2.2 Barnehagen skal vera ei kvalitativ god og fleksibel teneste som tek sikte på å imøtekoma dei behov innbyggjarane i Time har.

3. Opptak

3.1 Time sin opptakskrins er barn som bur i Time kommune, og barn med lovfesta rett til barnehageplass. Barn med lovfesta rett er barn mellom 1-5 år. Barnet må fylla 1 år seinast innan utgangen av november det året dei søkjer om barnehageplass (jf. barnehagelova §12a).

3.2 Det er eitt hovudopptak til barnehagane. Hovudopptaket er i perioden 1.mars til og med 31.mai. Søknadsfristen er 1.mars.

3.3 For å ha rett til plass må barnet vera busett i Time kommune ved oppstart i barnehagen. 

3.4 Ved tildeling av plass etter hovudopptaket  må barnet vera minimum 9 månadar ved oppstart

3.5 Barn som søkjer innan fristen for hovudopptaket og som har lovfesta rett til barnehageplass, vil få plass før ein tek inn barn som søkjer etter fristen.

3.6 Time kommune oppfylgjer plikta si når det gjeld lovfesta rett til barnehageplass ved å tilby barnehageplass innan kommunegrensa (jf. barnehagelova §12a).

3.7Opptak av barn skjer i samsvar med kriterium for samordna opptak som er sett i Time kommune

3.8 Prioritet ved opptak skjer i følgjande rekkjefølgje:

a) Barn med funksjonshemming skal ha prioritet ved opptak dersom barnet etter sakkunnig vurdering er funne å kunne ha nytte av opphald i barnehage. (jf. § 13 i Lov om barnehagar). 

Barn som er omfatta av omsorgsvedtak og andre vedtak fatta i fylkesnemnda i medhald av Lov om barneverntenester §§ 4-12 og 4-4. (jf. 7-2 første ledd).

b) Barn frå familiar som har store belastningar pga. alvorleg sjukdom og/eller funksjonshemming kan søkja om prioritert plass. Søknaden må sendast oppvekst og vera dokumentert med skriftleg anbefaling frå ppt-kontor, helsestasjon, lege eller barnevern.

c) Barn av foreldre som er ein del av introduksjonsordninga i Time kommune.

d) Barn som har plass i barnehage som avvikles eller stenges

e) Barn som skal gå siste året i barnehage før skulestart og som ikkje har barnehageplass, eller som ikkje har plass i sin skulekrins.

f) Søskenprioritet i same barnehage. Det vert gitt prioritert plass til søsken av barn som allereie har plass, og som skal fortsetta i barnehagen

g) Personalplassar til personalpolitiske tiltak for stillingar som er vanskelege og rekruttera til.

 

3.9  Tildelt plass gjeld fram til skulepliktig alder, det vil sei frå opptaksdato til 1.august det året barnet fyller 6 år, forutsatt at ein bur i kommunen. Dersom ein ønskjer å behalda barnehageplassen fram til 15.august, kan ein søkja styrar i den einskilde barnehage om det innan 1.mai.

 

3.10 Reservering av barnehageplass til personale.

Rådmannen kan disponera barnehageplassar som personalpolitisk tiltak for stillingar det er vanskeleg å rekruttera til.

Dersom den tilsette sluttar i Time kommune, mister barnet barnehageplassen.

Barn med personalplass som er busett i Time kommune, kan søkja om ordinær kommunal barnehageplass.

Rådmannen har utarbeidd reglar for tildeling.

 

3.11 Open barnehage har ikkje opptak. Barnet møter saman med føresette eller ein annan vaksen person, registrerer oppmøte og kan vera heile opningstida i barnehagen.

 

4. Opningstida

4.1 Nytt barnehageår startar 15.august.

- Barnehagane har ope 11 månadar og 2 veker.

- Barnehagane har feriestengt dei to siste vekene i juli månad.

- Julaftan, nyttårsaftan og onsdag før skjærtorsdag held barnehagane stengt.

 

4.2 Barna må ha minst 5 veker ferie i løpet av barnehageåret.

- 3 ferieveker må vera samanhengande i perioden 1.juni - 15.august

- For 6 åringar må 3 veker vera samanhengande i perioden 1.juni- 1.august.

- Planleggingsdagane kan reknast som ferie.

- Foreldre som kan dokumentera at dei ikkje har tariff-festa rett på dei siste 4 feriedagane opp til 5 veker, får dispensasjon for desse 4 dagane.

- Føresette må gje melding om barnets sommarferie innan 1.mai.

 

4.3 Personalet i barnehagen har rett til 5 planleggingsdagar i året. Desse dagane er barnehagane stengde.

4.4 Maksimum opphaldstid pr. dag er 9 timar

5. Betaling

5.1 Betaling for barnehageplass skjer etter «Forskrift om foreldrebetaling i barnehage» og vert vedteke av Time kommunestyre. Kommunen har utarbeidd eigne retningsliner for fastsetting av betalingssatsar og betalingsrutinar. Mjølk og frukt er inkludert i foreldrebetalinga, betaling for anna kost kjem i tillegg.

5.2 Dokumentasjon på inntekt skal kvart år leverast administrasjonen seinast 1. august. Ved tildeling av plass skal føresette få informasjon om betalingssatsar, betalingsrutinar og rett til å søkja redusert betaling.

5.3 Årsbetalinga vert fordelt på 11 månadar, juli er betalingsfri. Dersom avgifta ikkje blir betalt på føreskriven måte kan det føra til oppseiing av plassen om det manglar betaling utover 2 månader.

5.4 Husstandar med låg inntekt kan ut frå nasjonale reglar søkja om redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid.

5.5 Vedtak om foreldrebetaling retta til den enkelte brukar kan påklagast. Fylkesmannen er klageinstans. Klagen må sendast via kommunalsjef for oppvekst innan 3 veker etter at vedtaket er gjort kjent for føresette.

5.6  I open barnehage betalar  brukarane inngangspengar ved kvart oppmøte.

6. Oppseiing

6.1 Oppseiing av barnehageplass skal gjerast elektronisk til barnehagen.

- Barnehagane har ei oppseiingstid på 2 månader, og oppseiinga gjeld frå den 1. i kvar månad.

- Ved oppseiing etter 1.mars må det betalast ut barnehageåret, til 15.august. Det vil sei at barn som ønskjer å slutta etter 30.april må betala for mai,  juni og halve august, sjølv om plassen ikkje vert nytta.

- For 6 åringar som seier opp plassen etter 1.mars må ein betala til 1.august.

- Det kan berre søkjast fritak frå betaling etter oppseiingsmånaden dersom barnet flyttar frå kommunen.

6.2 Ved flytting ut av kommunen gjeld reglane for oppseiing. Ein kan etter søknad til styrar behalda  barnehageplassen ut påbegynt halvår.

6.3 Kommunen kan sei opp barnehageplassen ved:

- Manglande betaling

- Dersom ein oppgjer urette opplysningar ved opptak

- Dersom barnet uteblir frå barnehagen i lengre tid utan at personalet er varsla

7. Foreldreråd og samarbeidsutval

Kvar barnehage skal ha eit foreldreråd og eit samarbeidsutval, jf. §§ 4 og 5 i Lov om   barnehagar.

- Foreldrerådet består av foreldre/føresette til alle barn i barnehagen

- Samarbeidsutvalet består av likt antal foreldre/føresette og tilsette

- Time kommune som eigar er representert i samarbeidsutvalet ved politiske representantar

8 Leike- og opphaldsareal per barn

Hovudregel for arealutnytting:

- For barn over 3 år:   4 m² netto leike- og opphaldsareal

- For barn under 3 år: 5,3 m² netto leike- og opphaldsareal

 

9. Internkontroll

Barnehagane er omfatta av Forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skular m.f. Det skal finnast dokumentasjon for internkontrollsystem i kvar barnehage.

10. Barnas helse

Før barnet begynner i barnehage skal det leggjast fram erklæring om barnet si helse. Dersom barnet har møtt til ordinær undersøking på helsestasjonen kan ei slik erklæring verta gitt av føresette.

11. Forsikring

Time kommune har ulykkesforsikring for barna.

- Forsikringa gjeld reise til/frå barnehagen og heimen ved levering og henting, og den tida barna er i barnehagen

- Forsikringa gjeld ikkje ved tap av personlege eigendelar

12. Teieplikt

For folkevalde, administrasjon og tilsette i barnehagane gjeld reglane om teieplikt i forvaltningslova §§ 13 og 13 f.

13. Endring av vedtektene

Endring av vedtektene skal gjerast av kommunestyret.

Kontaktinfo

Innbyggarservice
E-post
Telefon 51 77 60 00