Vigsel i Time kommune

Frå 1. januar 2018 vil borgarlege vigsler blir overført frå tingretten til kommuane.

Borgarleg vigsler kan føregå i eigen kommune, andre kommunar eller ved norske utanriksstasjonar.
 

Kor og når kan me gifte oss?
Seremonien vil finna stad i seremonirommet i Time rådhus fredagar kl. 12.00 – 14.30, samt ein laurdag i månaden kl. 11.00 – 14.00.

Time kommune kan også tilby vigsel andre stader og til andre tidspunkt, men etter nærare avtale.

Kven kan vigsle?
Det er ordførar og varaordførar som føretar vigsler, men ved behov eller ønske kan også kommuneadvokat og kommunikasjonssjef vigsle.


Følgjande personar er oppnemnte som vigslarar i Time kommune
- ordførar Reinert Kverneland
- varaordførar Sverre Risa
- kommuneadvokat Kristin Fernholt
- kommunikasjonssjef Elin W. Jara
 

Kva kostar det?
Det er gratis og gifte seg, med unntak med omsyn til normal stad eller tidspunkt kan medføra krav om dekning av meirkostnader. 

Språk
Vigselen kan skje på norsk eller engelsk. For andre språk må brudeparet sjølv sørga for tolk.

Erklæringar og attestar

Før vigselen må brudeparet sørga for at nødvendige skjema og attestar blir fylt ut og sendt til folkeregisteret ved ditt lokale skattekontor.

Behandlingstida er to-tre veker. Følgjande skjema må fyllast ut og sendast inn til folkeregisteret:

Eigenerklæringar
Forlovarerklæringar
Attestar

Alle desse skjema får du hjå Skatteetaten

Skatteetaten/folkeregisteret skriv ut ein såkalla prøvingsattest som visar at vilkåra for å inngå ekteskap er oppfylt. Denne er gyldig i 4 månader.
Attesten sender de til Time kommune, politisk sekretariat  eller leverast på rådhuset seinast 2 veker før vigselen.
Alle spørsmål knyta til prøvinga må rettast til folkeregisteret ved ditt skattekontor.
Endeleg vigselattest vert ettersendt av folkeregisteret.


Korleis føregår seremonien?
Brudefolk, forlovarar og gjester bør møte opp 10-15 minuttar før avtalt tid for vigsel. Ein må vente utanfor seremonirommet til ein blir vist inn. Det skal vera to vitnar til stade under seremonien. Dette er vanlegvis forlovarane, men det kan også vera to andre myndige personar.

Seremonien varer i 10-15 minuttar. Sjølve vigselen føregår ved at vigslar les ein fastsatt tekst for borgarleg vigsel. I slutten av seremonien underteiknar brudeparet, vitna, vigslaren vigselprotokollen.

Dersom de ønsker å utveksle ringar, må dette gis beskjed om på førehand, gjerne når det blir bestilt tid for vigsel. Ein kan også gi beskjed til vigslar før seremonien startar. Ringane blir sett på når vigslar har erklært dykk som ektefolk.

De kan gjerne ha musikk eller diktlesing under seremonien, men dette må avklarast på førehand.

Fotografering kan skje under og etter seremonien etter avtale med vigslar.
 

Tekst i vigselsformularet (blir lest opp) (PDF, 114 kB)

Lenker
Forskrift om kommunale vigsler
Folkeregistert(skatteetaten)
Ekteskapsloven
Regler for å gifte seg i utlandet på departementet sin nettstad
 

Dersom du har spørsmål, ta kontakt med:
Tone Storesætre,
tone.storesatre@time.kommune.no / tlf. 99106691

Publisert av Reidunn Øglænd. Ansvarleg Tone Storesætre. Sist endra 30.11.2017
Fann du det du leita etter?