Universell utforming og tilgjenge for alle

Time og Klepp kommunar har vore ressurskommunar i Regjeringa sin handlingsplan Norge universelt utformet 2025. Prosjektet er no avslutta og det er utarbeida ein rapport med erfaringar og eksempel frå fylke og kommunar som har vore med i tiltaket. Rapporten ser du her.

Ny logo, universell utforming - Klikk for stort bilete

 

 

Rapporten inneheld mellom anna 3 lokale eksempel frå Time og Klepp kommunar og to frå Rogaland fylkeskommune.

 

Rogaland fylkeskommune har kartlagt mange offentlege bygg og uteområde i Rogaland. Informasjonen er lagt ut på nettsida www.tilgjengelighet.no. Her kan du finna informasjon om tilgjenge til mange turområde og offentlege bygg i kommunen.

 

Definisjonen på universell utforming finn vi i diskriminerings- og tilgjengelighetslova § 9: Med universell utforming menes utforming eller tilrettelegging av hovedløsningen i de fysiske forholdene, herunder informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) slik at virksomhetens alminnelige funksjon kan benyttes av flest mulig.

 

Arbeidet med universell utforming vil framleis ha høgt fokus i både Time og Klepp kommune, og vil bli ivareteke både i overordna planarbeid, arealplanar og gjennom det ordinære tenesteapparatet i kommunane. Noreg ratifiserte 3. juni 2013 FN-konvensjonen om rettighetane til menneske med nedsatt funksjonsevne. Dette gir stat, fylke og kommunane ei plikt til å arbeida for eit meir tilgjengeleg samfunn. Konvensjonen finn du her.

 

Kontaktperson for arbeid med universell utforming i Time er Anne Reidun Garpestad. E-post: anne.reidun.garpestad@time.kommune.no

Publisert av Lene Dalsegg. Ansvarleg Anne Reidun Garpestad. Sist endra 20.04.2017
Fann du det du leita etter?
Eksterne nettstader (2)