Personvernerklæring

I denne erklæringa beskriv me korleis Time kommune tek vare på personvernet i arbeidet med innsamling av personopplysningar.  Me ønskjer at du skal føla deg trygg på at me følgjer gjeldande lover og reglar når du bruker dei elektroniske løysingane våre.  Me vil til ei kvar tid dokumentera at data vert behandla etter gjeldande bestemmingar.


 

Lov om behandling av personvern

Personvernerklæringa følger bestemmingane i Lov om behandling av personvernopplysningar av 01.01.2001 (personopplysningsloven) med tilhøyrande forskrift.
 

Formålet med behandling av personopplysningar

Opplysningar du fyller inn i skjema og liknande vert sendt elektronisk til Time kommune. Opplysningane treng me i kommunen for å kunna saksbehandla søknaden eller saka di.

Time kommune ønskjer å gje innbyggjarane eit digitalt svar på førespurnadane de sender inn. Dette krev at me må vera sikre på at mottakar er rett person. Derfor må du fylla inn fødselsnummer i enkelte skjema. Alle personopplysningane vil verta behandla konfidensielt og vil berre verta brukt til saksbehandling i den saka opplysningane er sende inn til.  Fødselsnummer vil aldri visast på offentlig tilgjengelege dokument.

Personopplysningar

Dersom du meiner at personvern ditt er sikra med denne erklæringa, samtykker du til lagring av innsamla data om deg. Samtykket gjev du som godkjenning av retningslinjene våre for personvern og som samtykke for behandlingsmåten av opplysningane.
 

Lagring av opplysningar

Opplysningane du har tasta inn vil ikkje vera tilgjengelige for mottakar, Time kommune, før du bestemmer deg for å senda inn søknaden. Når du har valt å senda inn søknaden eller saka di, har du samtidig samtykka i at Time kommune kan ta imot og lagra desse opplysningane.

Sikker dataoverføring

Alle opplysningane som vert overførte mellom din datamaskin eller mobile eining og vår server føregår via sikra datakommunikasjon. Løysinga vår har same tryggleiken som er brukt i nettbankane.

Rett til innsyn og rett til sletting av personopplysningar
Du kan når som helst be om å sjå opplysningane du har sendt inn. Dersom du finn at  opplysningane er unøyaktige eller ufullstendige, kan du be om å at opplysningane vert sletta.

Unnlate samtykke

Dersom du ikkje samtykker i at personvernet er godt nok ivaretatt, vil du ikkje kunna bruka elektronisk skjemadialog. Du må då ta kontakt med servicetorget.
 

Aldersgrense
Du bekreftar at du er over 18 år.

Publisert av Reidunn Øglænd. Sist endra 26.01.2018
Fann du det du leita etter?