Spar pengar ! Betal restskatten nå

Betal årets restskatt allereie nå så sparer du pengar!

Viste årets sjølvmelding at du må betale restskatt? Da er det smart å betale restskatten allereie nå. Det er fleire grunner til at det er lurt: Du får saka ut av verda og du slepp å betale renter.

Det reknast renter av restskatten. Rentesatsen er 0,38 %, og reknast frå 1. juli 2016 og fram til betalingsfristen for restskatten 20. august 2017. For dei som får skatteoppgjer i juni blir det mest eit år med renter, for resten blir det inntil 15 1/2 månader med renter.

Dersom du ønskjer å betale inn heile eller delar av restskatten for 2016, før du har fått tilsendt betalingskort frå Jæren kemnerkontor, er det fullt mogleg. Betal til eitt av disse kontonummera:

Hå                   6345.06.11192

Klepp              6345.06.11206

Time                6345.06.11214

Gjesdal           6345.06.11222

 

Du må bruke KID når du betaler. Du kan sjølv hente KID-nummer på Skatteetaten sine nettsider.

 

Betaler du frå utlandet?

Vår bank er: Nordea Bank Norge ASA, Postboks 1166 sentrum, N-0107 OSLO, Norway

IBAN kode: NO21 6345 0611 214

BIC / SWIFT-kode: NDEANOKK

Publisert av Reidunn Øglænd. Ansvarleg Ivar Slettebø. Sist endra 03.02.2017
Fann du det du leita etter?