Endring av bankkonto

Har du pengar til gode ved skatteoppgjeret, vil du normalt få desse tilsendt i løpet av 1-2 veker etter at skatteoppgjeret er klart. Dei fleste vil få beløpet direkte inn på bankkonto.

Utbetaling bare til godkjente kontoar
 

Kemneren kan i utgangspunktet ikkje setja beløpet inn på andre bankkontoar enn dei som er registrerte på skattytar i skatteetaten sine kontoregister. Skattedirektoratet har bestemt at skattytar som hovudregel bare kan få tilbakebetalt skatt til kontoar som vedkommande sjølv eig. Dette er for å sikre at beløpet blir utbetalt til rett person. Nokre kontoar er ikkje eigna til utbetaling av skattepengar. Det er bl.a. utlånskontoar, kredittkortkontoar og sperra kontoar.

 

Endre kontonummer i Altinn
 

Sjølvmeldinga inneheld bare fire kontoar. Dersom du har fleire eigna kontoar, kan du finne dei ved å gå inn i Altinn (inneheld inntil åtte kontoar).

Lønnsmottakarar, pensjonistar og sjølvstendige næringsdrivande (personlege skattytarar) kan endre kontonummer i Altinn frå du mottek sjølvmeldinga til og med 15. mai.

Aksjeselskap (AS), allmennaksjeselskap (ASA) og NUF (upersonlege skattytarar) kan endre kontonummer i Altinn fram til august.

 

Endre kontonummer ved å kontakte kemnerkontoret
 

Når fristen for å endre kontonummer i Altinn er ute eller dersom kontonummeret du ønskjer å nytta ikkje er registrert i Altinn, kan du kontakte kemneren for å få endra kontonummer. Vi har normalt moglegheit til å endre kontonummeret fram til 14 dagar før dato for skatteoppgjeret.

Mange ektefeller har felles konto. Banken registrerer likevel bare ein av ektefellane som kontoeigar. Den av ektefellane som bare har disposisjonsrett, vil då i utgangspunktet ikkje få sine skattepengar inn på denne kontoen. Kemneren kan likevel utbetale til ein slik konto etter oppmoding frå skattytar, der oppmodinga er tilstrekkeleg dokumentert.

 

Kemneren kan endre konto for utbetaling der:
 

•vi får skriftleg og underskriven oppmoding frå skattyter. For selskap må brevet vere underteikna av den/dei som har signaturfullmakt i samsvar med selskapet sin firmaattest, og

•skattytar er legitimert (ved bekrefta kopi av skriftleg legitimasjon eller ved personleg frammøte med legitimasjon), og

•skattytar er kontohavar eller har disposisjonsrett til kontoen og legg fram dokumentasjon på det.

 

Skjema som ligg i høgre marg kan brukast.

 

Der kemneren endrar konto for utbetaling til ein konto som på førehand ikkje er registrert på skattytar i skatteetaten sitt kontoregister, kjem kontoen ikkje med på sjølvmelding neste år. Kontoregisteret blir laga på nytt kvart år og baserer seg på dei kontoane som er merka for bruk av bankane. Kontoar som bare blir registrert av kemneren blir derfor ikkje fanga opp av registeret. Dette gjeld  ikkje for personar med utanlandsk primærkonto.

Vi anbefaler derfor at du i forkant av skatteoppgjeret endrar kontonummer for utbetaling av skattepengar i Altinn når du har moglegheit til det. Dersom du ikkje har ein konto som er godkjent for utbetaling av skattepengar, bør du kontakte banken og få oppretta ein slik konto. Det vil typisk vera ein lønns-/trygdekonto, annan konto med minibankkort eller ein person- eller brukskonto. Kontoen vil da bli registrert i kontoregisteret og kunne nyttast som utbetalingskonto ved skatteoppgjeret.

 

Utbetalingskort
 

Dei som har reservert seg, ikkje har eigna konto eller har valt dette som utbetalingsmåte på sjølvmeldinga, får tilsendt utbetalingskort. Utbetalingskort kan hevas på postkontor og i de fleste banker. Dersom du ikkje ønskjer utbetalingskort til neste år, og årsaken til at du har fått tilsendt utbetalingskort er at du har en kontotype som ikkje er godkjent for utbetaling av skattepengar, må du kontakte banken og opprette ny konto som kan nyttast til mottak av skattepengar.

 

Utbetaling til konto som ikkje lenger er i bruk
 

Dersom du har sagt opp kontoen din og har gløymt/ikkje rokke å endre konto innan fristen, vil vi forsøke å betale ut til den oppsagde kontoen. Vi vil da få beskjed om at kontoen ikkje kan brukast og betale beløpet ut på nytt til ein annan konto som er registrert på deg eller sende utbetalingskort. Det kan føre til at utbetalinga blir noko forsinka.

Publisert av Reidunn Øglænd. Ansvarleg Ivar Slettebø. Sist endra 26.05.2017
Fann du det du leita etter?