Flyktningar i Time

På Orrestranda i oktober 2015 (Janne Berit Nese) - Klikk for stort bilete Mangfald er ein ressurs for kommunen. Det er viktig at flyktningane som kjem til oss opplever å verta inkluderte, og kan delta og bidra med sine ressursar i fellesskapet.

Den kompetansen og dei erfaringane flyktningar og innvandrarar har med seg inn i lokalsamfunnet må me ta i bruk. Derfor er tilrettelegging for kvalifisering til arbeid og utdanning, og å leggja til rette for gode møteplassar for å etablera nettverk og relasjonar, viktige kommunale oppgåver.

På Vitenfabrikken i Sandnes 2015 (Janne Berit Nese) - Klikk for stort bilete Tur på Vedafjellet i 2012 (Janne Berit Nese) - Klikk for stort bilete På Jærmuseet i 2013 (Janne Berit Nese) - Klikk for stort bilete Utsyn  (Janne Berit Nese) - Klikk for stort bilete

Flyktningar
Kvart år ber integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDI) Time kommune om å busetja flyktningar. Time kommunestyre bestemmer kor mange flyktningar kommunen skal ta imot. I perioden 2016-2018 bestemte kommunestyret å busetja totalt 120 flyktningar eksklusiv familiesameinte. I 2016 og 2017 kom det i alt 87 flyktningar til kommunen. I tillegg kom det 11 familiesameinte. I 2018 har IMDI bestemt at kommunen får 10 flyktningar. Dette er færre enn planlagt, men naturleg sidan det kjem færre asylsøkjarar til landet nå.

I Time er det flyktningtenesta som har ansvaret for å koordinera busetjing, kvalifisering og integrering av flyktningar i nært samarbeid med dei ulike einingane i kommunen. Grunntanken i arbeidet er hjelp til sjølvhjelp, der målet er at flyktningane snarast råd vert sjølvstendige når det gjeld bruk av offentlege tenester og økonomi.

Kvalifisering og integrering
Flyktningar som vert busette i Time, kan ha rett og plikt til introduksjonsprogram etter visse lovkrav. Programmet skal gjera det lettare for flyktningar å kvalifisera seg til jobb eller utdanning. Introduksjonsprogrammet skal minst innehalda opplæring i norsk og samfunnskunnskap, og tiltak som førebur den enkelte til arbeidslivet. Programmet skal vera heilårleg og på fulltid, og kan vara i inntil to år.

I Time kommune har me mange frivillige som stiller opp for flyktningane som bur her. Dette er både enkeltpersonar, lag og organisasjonar. Dei frivillige driv ulike aktivitetar rundt om i kommunen, eller stiller opp på andre måtar.

Det er viktig for kommunen å samhandla med frivillige lag og organisasjonar for at så mange flyktningar og asylsøkjarar som råd finn seg til rette i det frivillige arbeidet i kommunen.

Opplæring i norsk og samfunnsfag:

Bryne kompetansesenter

Fleirkulturelle aktivitetar og andre tiltak:

FEMIRA internasjonale kvinnegruppe

Snakkis - språkkafè på Bryne 

Språkkafè i Frøyland og Orstad kykjelyd

Språksprell

"På tur i Time"

Prosjekt i samarbeid med integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDI):

Språkreis i Time
 

Kontaktinformasjon:

Ta kontakt med servicetorget i Time kommune for informasjon om kontaktpersonar.

 
Publisert av Janne Berit Nese. Ansvarleg Janne Berit Nese. Sist endra 11.01.2018
Fann du det du leita etter?