Privat vassforsyning

Deler du brønn med naboen?

Nå skal alle små vassforsyningssystem registrerast.

Innan 1. juli 2018 skal alle vanssforsyningssystem vera registrerte hos Mattilsynet. Dette gjeld også dei som er små, for eksempel ein brønn som forsyner to hus med drikkevatn. Mer informasjon, og lenke til registreringsskjemaet, finn de på mattilsynet.no.
 

Registreringa kan gjørast enkelt frå mobiltelefonen

Registreringa er gratis, og Mattilsynet har utvikla eit enkelt mobiltilpassa skjema til formålet. I skjemaet registrerer du vassforsyningssystemet si plassering ved å markera staden i eit kart, og det er berre nokre få tilleggsspørsmål som skal besvarast.

 

Mange fordeler med å registrera vassforsyningssystemet

Kommunen får tilgang til den registrerte informasjonen frå Mattilsynet. Når kommunen har oversikt over den geografiske plasseringa til dei ulike vannforsyningssystema, kan me bruka denne informasjonen i arbeidet vårt. Ei slik oversikt kan for eksempel vera uunnværleg når kommunen legg planar for bruken av areala rundt brønnen og brønnområdet. Oversikten gjer det mogleg for oss å vurdera omsyn til drikkevasskildene på eit tidlig tidspunkt.

 

Drikkevatnet skal vera trygt – også frå små vassforsyningssystem

I januar 2017 kom ei ny drikkevassforskrift, som sette tydelegare krav til trygt drikkevatn også frå små vassforsyningssystem. Kravet om at alle vassforsyningssystem skal vera registrerte står i drikkevannsforskriften § 17. Ein presis definisjon av kva eit vassforsyningssystem er kan du lesa i drikkevannsforskriften § 3, bokstav k. Informasjon til de minste vannforsyningssystemene gjev nyttig informasjon som er spesielt rekna for små vassforsyningssystem.
 

Har du spørsmål til registreringa?

Ta kontakt med Mattilsynet sitt sentralbord på 22 40 00 00, og spør om å få snakka med di lokale avdeling.

Publisert av Reidunn Øglænd. Ansvarleg Øyvind Østbø. Sist endra 16.05.2018
Fann du det du leita etter?